Takk for fyldig svar frå varaordførar Dagny Sunnanå Hausken. KrF i Stavanger har merka seg at det ofte er vilje hjå Sp til å finne gode løysingar for kommunedelane Finnøy og Rennesøy. Eg har meint før og tenkjer det er klokt også for neste periode at sentrum samarbeider i posisjon. Det vart ikkje slik for fire år sidan, noko som eg ikkje trur har vore til det beste for øyane. Så til spørsmåla me har diskutert:

Vikevåg sentrum

Ein kjem ikkje forbi at fleirtalet flytte investeringane forbi kommunestyreperioden som nå går mot slutten. Dette har gjeve det signalet at dette ikkje har hasta og kommunedirektøren har respondert med lite fokus på planlegging til langt ut i perioden. I mellomtida har byggekostnadane auka mykje, noko som gjev uro for framdrifta for gode lokale til helse og næring. Næringsdelen i Meieriet ber preg av at ein i bygget prøver å få til alt, i staden for å la kommunehuset stå midlertidig og så realisere noko meir hensiktsmessig i nybygget.

Skule

KrF har, når partiet har hatt ansvar i regjering og når politikken vert utforma lokalt, vist at det viktigaste vert løyst fyrst. Det er nok ressursar til klassane som er det viktigaste. Sentralt gjennom lærarnorm og i vår kommune ved å gje skulane midlar til nok tid til den enkelte elev. Når dette er løyst, kan ein ta fatt på mindre viktige behov. Svaret frå Dagny Sunnanå Hausken viser at også fleirtalet har vore klar over at tildelingsnøkkelen i Stavanger ikkje er tilpassa Finnøy og Rennesøy sine særlege utfordringar, utan at det blir gjort noko med. KrF vil foreslå å setje ned ei politisk samansett gruppe som oppdaterer nøkkelen for tildeling av midlar til skulane.

Ingen å miste

Innafor området trafikktryggleik skal KrF vere til å kjenne igjen over heile kommunen. Eg har peika på at lite har skjedd i Rennesøy. Manglande rullering av planen for trafikktryggleik har noko av skulda. Dette var tema på debattmøtet på Rennesøy. Høgre gav KrF støtte og ville rette på dette. Gang- og sykkelveg Bruveien har vore på vent, sjølv om pengane er der. Bomstasjonen – Åmøybrua har vore på vent heile perioden grunna diskusjon mellom kommunen og fylket. Austre Åmøy manglar pengar etter at fleirtalspartia strauk gang- og sykkelvegprosjektet på kommunedirektøren sitt budsjett. Fenes og Hodne ventar på rullering av plan for trafikktryggleik. Østhusvikvegen har vore på vent. Lys på Sørbøveien har vore på vent sjølv om det frå fylket vart lova at dette skulle på plass.

Lokaldemokrati

KrF står saman med Sp og kjem ikkje til å bidra til innføring av parlamentarisme i neste kommunestyreperiode. Det er å håpe at KrF får fleire med seg i å gjere kommunedelsutvala til betre reiskap for innbyggjarane.

Jostein Eiane,

Stavanger KrF