Snart kjem leiande politikarar til Rennesøy for å seie noko om kva dei har fått til og kva dei vil gjere om dei blir valde. For oss som har vore engasjert og har arbeidd med saker i Rennesøy, har åra med dei raudgrøne vore frustrerande. Etter kommunesamanslåinga er alle viktige investeringar sett på vent eller blitt strokne. Mål om styrka lokaldemokrati og tenestetilbod der intensjonsavtalen vert lagt til grunn, har ikkje fungert som det kunne gjort.

Vikevåg sentrum

Dei fyrste tre åra i kommuneperioden skjedde nær sagt ingenting grunna kutt i investeringsbudsjettet og manglande administrativ prioritering av planlegging. Det siste året har planane knytt til meieriet kome lenger, og det er positivt. Rehabilitering er dyrt, og det er ikkje gjort noko budsjettvedtak som sikrar denne satsinga og viktigare, nybygg med lokalar for helsetenestar med lege og helsestasjon samt lågterskeltenestar for psykisk helse, rus og miljøtenestar. Dette må være hovudspørsmålet når me får besøk; vert det sikra budsjettmidlar og betre framdrift enn tilfellet har vore til nå?

Me har ingen å miste

Skot for baugen nummer to var knytt til trafikktryggleik i kommunedelen. Midlane til gang- og sykkelveg til Austre Åmøy vart kutta ved fyrste raudgrøne budsjett. Nyleg vedtok kommunen å forskottere bygginga. Det er ikkje eit skritt fram før fylket prioriterer tiltaket. Opprinneleg hadde ein budsjettfesta å ta eit kommunalt ansvar her. Kommunedelsutvalet hadde omfattande og grundig gjennomarbeidd innspel til plan for trafikktryggleik. Det vart ikkje høyrd på med det resultat at mellom anna Fenes og Hodnevegen ikkje er i posisjon til å bli realisert. Her er det henta inn midlar frå private. Vert det ikkje endring, meiner eg kommunen må betale tilbake. KrF har ved sine budsjett prioritert trafikktryggleik.

Kutt i skulebudsjetta

Rennesøy prioriterte skule før kommunesamanslåinga. Varsla store kutt har kome og noko er blitt utsett grunna overgangsordningar. Kommunedelsutvalet i Rennesøy har peika på dei særlege utfordringane for Finnøy og Rennesøy grunna klassetal i forhold til elevtal, og spesielt for Rennesøy to språk. Dette er ikkje i tilstrekkeleg grad tatt omsyn til ved tildeling av midlar til skulane. Nåverande ordning kom i stand etter arbeid frå tverrpolitisk gruppe leia av ordførarkandidat Sissel Knutsen Hegdal. Det vart ikkje gjort planlagt arbeid med dette grunna tidspress ved kommunesamanslåinga. Dette må gjerast slik at særlege forhold knytt til våre kommunedelar vert tatt omsyn til og skadelege kutt vert unngått.

Lokaldemokrati

Det er eit stort pluss i ein stor kommune å ha kommunedelsutval som kan fremje lokale saker og komme med innspel når saker viktige for kommunedelen skal avgjerast. Finnøy og Rennesøy har hatt ei prøveordning med avgjerdsmynde i bestemte saksområde. Erfaringane med dette er ikkje evaluert. Våre forsøk på å gjere det enklare å fremje saker har ikkje blitt høyrt. Det er ikkje fyrst og fremst eit problem for utvala, men for folk som ynskjer å få noko gjort og arbeider med problem som må løysast politisk. Leiar kan i liten grad påverke sakslista då fleirtalet ikkje møtest for å drøfta saker undervegs og kva som er aktuelt for dei ulike kommunedelane. Dette er leiaransvar som Sp og Ap ikkje har tatt på alvor som ansvarlege for politikkområdet. Mykje av den administrative ressursen som var tiltenkt kommunedelsutvala har blitt nytta til andre ting.

Eigedomsskatt

Skal ein seie noko om kva som er gjort i Rennesøy og Finnøy, kjem ein ikkje klar eigedomsskatt. Det låg som ein premiss ved kommunesamanslåinga at det ikkje skulle vere eigedomsskatt på øyane. Dette bygde på regelverket i gamle Stavanger kommune og representerte ikkje noko nytt. Grunngjevinga var mellom anna ulike avstandar til viktige tenestetilbod og var ein del av ein balansert løysing der det var føremoner og ulemper med å slå saman kommunane. Det vart registrert at det etter valet for fire år sidan ikkje var vilje hjå fleirtalet til å halde avtalen om eigedomsskatt. Då er det også vanskeleg å finne ein veg. Det som er skjedd knytt til eigedomsskatt, er eit løftebrot og kan ikkje bortforklarast med juridiske hinder for løysinga. KrF vil bygge ned og fjerne eigedomsskatten.

Lokale kandidatar

Fleire parti har gode kandidatar som både vil arbeide for det store fellesskapet og hente fram saker som særleg gjeld kommunedelen. I Finnøy har KrF sine kandidatar med Henrik Halleland i spissen vist at det går an å balansere dette på ein god måte. Gje dei du har tru på gjerne ein ekstra stemme. Det er positivt både for demokratiet og lokalmiljøet du er ein del av.

Godt val!

Av Jostein Eiane, KrF