Stian Nevøy og Tina Nådland i Rennesøy Arbeiderlag. Foto: Silje Talgø Klakegg

– Onsdag 6. september klokka 20.00 held me eit ope møte på innbyggartorget i Vikevåg, seier Tina Nådland i Rennesøy Arbeiderlag:

– Temaet er utfordringane som Rennesøy kommunedel har med fylkesvegar og kollektivtransport.

Målet er å få innspel frå innbyggarane, i tillegg til å markere seg i innspurten av valkampen. Med på møtet er Frode Berge, kandidat til å bli fylkesordførar i Rogaland for Arbeidarpartiet.

– Velkomen innom for ein prat og ein kaffikopp, seier Nådland.

Finnøy og Rennesøy har mykje fylkesvegar, og det blir påstått at dei to kommunedelane får relativt lite vedlikehaldsmidlar frå fylket sidan me er ein del av Stavanger kommune. Fleire gang- og sykkelvegar langs dei same fylkesvegane har blitt etterlyst i årevis.

Kart som viser fylkesvegane i Ryfylkebassenget. Foto: Statens vegvesen