Måndag sende landbrukskontoret i Stavanger ut ei åtvaring om at ein bonde i Time kommune tidlegare på dagen hadde blitt forsøkt svindla av ein SMS som blei påstått å kome frå Landbruksdirektoratet.

Nå viser nærare undersøking at meldinga faktisk kom frå Landbruksdirektoratet. I meldinga var det ein link, men den var til direktoratet si heimeside og såleis heilt ufarleg.

Oppstyret gjer likevel at direktoratet tek sjølvkritikk. Landbrukskontoret i Stavanger skriv:

– Landbruksdirektoratet ser at det her kunne vere grunnlag for mistanke om SMS-svindel i og med den innlagde linken. I framtida vil dei gå vekk frå å bruke linkar i slike meldingar.

Landbrukskontoret har følgjande generelle råd til dei som ikkje vil gå i fella, men passe seg for den:

  • Du må alltid vera skeptisk til å logge deg inn på heimesider når det er lagt inn klikkbar link i SMS-meldingar.

  • Når det er noko frå det offentlege, logg deg inn på Altinn eller gå inn på heimesida til den aktuelle aktøren. Ikkje bruk linkar i ein SMS eller e-post.