– Landbrukskontoret i Time kommune vart i dag kontakta av ein bonde som hadde fått ein SMS frå Landbruksdirektoratet, skriv landbrukskontoret i Stavanger kommune i ei pressemelding måndag ettermiddag:

– Heldigvis hadde ho ikkje logga seg på med bank-ID på linken som var lagt inn i SMS-en. Linken viser til ei falsk påloggingsside der målet er å lure ut bank-ID for å tappe bankkontoen.

Skjermdump av den falske meldinga.

Du må alltid vere skeptisk til å logge deg inn på heimesider når det er lagt inn slike klikkbare linkar i ein SMS.

– Når det offentlege som Landbruksdirektoratet sender ut slike meldingar, skriv dei alltid at du må logge deg inn via Altinn, skriv landbrukskontoret.

Landbruksdirektoratet skal faktisk ha sendt ut ei tilsvarende melding same dag. Dei sjekkar nå opp i saka, får Øyposten vite.