Du kan sjå Ryfylkeutstillinga på Finnøy bibliotek fram til 23. september. Då reiser ho vidare til Kvitsøy, Suldal, Hjelmeland, Strand og Sauda. Foto: Silje Talgø Klakegg

Det begynte med 39 bilete, men berre 22 fekk vere med vidare. Etter 2. juryering som fann stad ved Finnøy bibliotek 9. september, blei dei utvalde hengande som første del av vandreutstillinga.

Alle kunstnarane som deltek, må ha ein form for tilknyting til Ryfylke. To kunstnarar frå Finnøy er representert i utstillinga.

Lokale kunstnarar

Geir Landa fekk to fotografi med i utstillinga. Han er busett på Finnøy, og reknar seg som amatørfotograf, og har fotografi som ein hobby. Han har vore med i Finnøy kunstlag og Ryfylke kunstlag, som driv med kunstformidling, og godt og vel 25 år. For om lag 25 år sidan hadde han eit måleri med i Ryfylkeutstillinga. Han gjekk då i lære hjå Finnøykunstnaren Ivar Haugen.

Bodil Drange Pedersen er oppvaksen på Finnøy, men bur på austlandet, der ho satsar på kunst, medan ho arbeider som prosjektleiar i byggebransjen. Ho har tidlegare hatt utstilling på Ottohuset. Ho har nyleg flytta til Nesodden som er det næraste ho kjem Ryfylke i pendleavstand frå Oslo.

– Som biletkunstnar arbeider eg intuitivt med fleire medium, kor eg ofte utforskar enkelttema i seriar, fortel ho til Øyposten.

– I dei seinare år har eg konsentrert meg om tørrpastell som hovudmetode, og utforska grenseområdet mellom teikning og måling som pastellkritta tilbyr. Ekspressive men samtidig intime portretter av furutre er blant anna resultatet denne utforskinga har bydd på.

Verket som er antatt til Ryfylkeutstillinga i år, er nettopp ein teikning i tørrpastell som heiter «Ikon (Sognsvann)» og som er ein hyllest til naturens fagerdom og ro.

Vanskeleg val

Nenad Ignjatic fortalde Øyposten at det var vanskeleg å velje kva bilete som skulle bli med vidare i utstillinga. Ignjatic er kunstnar, opphavleg frå Balkan, men dei siste 27 åra har han vore busett i Sauda. Han har arbeidd som profesjonell kunstnar i mange år. I år er han ein del av juryen, saman med Finnøykunstnaren Ivar Haugen.

– Her er det ingen fasit som i matematikk, sa Ignjatic til Øyposten etter 2. juryeringa.

– Me har valt bilete der personlegdommen til kunstnaren kjem fram. Det er ein stor variasjon av teknikkar, men me har ønskja bilete som kjenner att impulsar frå Ryfylke.

Han legg til at kunsten som blei valt ut, varierer på sjanger frå surrealisme, nonfigurativ kunst, kollasjar og abstrakt kunst.

– Det er viktig at me snakkar om kva som finst i Ryfylke av kunst. At så mange gode bilete kjem frå området, er eit bevis på at me må arbeide for å ta vare på dei lokale kunstlaga.