Bodil Drange Pedersen er klar med ny utstilling i Otto-huset.||Bodil Drange Pedersen begynte å jobba med serien under pandemien, kor Oslo blei nedstengd.|Motiva er furutre som utstrålar varme og håp.

FINNØY:

Det vesle kulturhuset på Finnøy har vore stengt i godt over eit år, men nå blir det endeleg forsiktig gjenåpning.,

Fredag er det åpning av salsutstillinga til Bodil Drange Pedersen, som blir hengande til søndag.

-Me håpar det blir fint ver, for det er ikkje lov å ha så mange inne om gangen, seier Bodil Drange Pedersen til Øyposten.

Ho er oppvaksen i Fåhadlet, men bur nå i Oslo og jobbar som prosjektleiar på byggeprosjektet Dronning Ingrids Hage, som skal bli ein ny sjukeheim i Oslo.

Bodil Drange Pedersen begynte å jobba med serien under pandemien, kor Oslo blei nedstengd. Foto: FOTO: Privat

-Dette er ein serie eg begynte å jobba med under pandemien, då heile Oslo stengde ned. Då blei det mange turar i skog og mark, og dermed blei det til at eg tok inntrykka med meg heim og forsøkte å festa dei til lerreta, forklarer Drange Pedersen.

Utstillinga ho tar med seg til Finnøy heiter «Solgangsbris» og er ein del av eit større prosjekt ho har kalla «På sporet av den tapte vår», og akkurat slik opplevde ho våren i fjor, han gjekk tapt.

-Motiva er furutre som skal utstråla varme og håp, seier ho.

Bodil Drange Pedersen er utdanna sivilingeniør innan materialteknologi, men i haust skal ho ha fire månaders permisjon for å utelukkande ofra seg for kunsten.

-Eg har leigd eit atelier som eg skal jobba i på kveldar og i helger. Det gledar eg meg veldig til, seier Bodil Drange Pedersen, som hadde utstilling i Tøyen Startup Villiage i Oslo, og nettopp er ferdig med fire store bilete til ein nyåpna restaurant, Esaias mat og vinbar, i sentrum i Oslo.

Motiva er furutre som utstrålar varme og håp. Foto: FOTO: Privat