– Me var oppe ved Lauvsnesvatnet på Finnøy torsdag, fortel driftsleiar Eirik Christophersen i utemiljøseksjonen i Stavanger kommune:

– Der var det open råk og langt frå sikker is. Det blir heilt sikkert ikkje sikker is der i løpet av helga heller. Me gjer ny måling måndag.

Før kommunen tilrår folk å gå på isen må isen vere minimum 13 centimeter tjukk og av god kvalitet.

Stavanger kommunen legg ut oppdatert informasjon om istjukkelse på nettet.

I øyane følgjer kommunen spesielt med på Dalestemmen og Vikestemmen på Rennesøy og Lauvsnesvatnet på Finnøy.