Eit høgtrykk ser ut til å ha festa eit visst grep om Ryfylkebassenget. Gjennom helga og eit godt stykke ut i neste veke blir det meldt opphaldsvær, vindstille og eit solid knippe minusgrader.

Værmelding for Finnøy dei neste dagane. Foto: Yr.no

Værmeldinga er godt nytt for dei som ventar på skøyteis, og ikkje fullt så godt nytt for dei som må varme hytter og hus så ikkje vassrøyra frys.

Straumprisane er på stigande kurs, men ei fattig trøyst er at prisen i skrivande stund er over dobbelt så høg på det sentrale Austland som i Rogaland.

Spotprisar for straum fredag 5. januar. Rogaland høyrer til område Sør (NO2). Foto: Forbrukarrådet