Fleire vil skapa liv i Vikevåg. Her er det Asgaut Vindenes (midten) i båtforeininga som har ordet. Kristin Gustavsen, dagleg leiar for Stavanger sentrum, er ein av fleire som høyrer på.|

RENNESØY:

Det kan vera eit behov for ei sentrumsforeining i Vikevåg. Det var det fleire som meinte då det blei halde eit dialogmøte tysdag kveld.,

Viktig med samarbeid

I dag finst det heller ikkje ei velforeining i Vikevåg sentrum. Men det er fleire essensielle ting som må på plass for at besøkande skal dra dit for meir enn ein snarvisitt.

Det var noko av det som blei diskutert på møtet med godt oppmøte. Til stades var representantar frå blant anna innbyggartorget, kommunedelsutvalet, frivilligsentralen, biblioteket, og avdelinga for Idrett- og utemiljø i Stavanger kommune.

Dagleg leiar for Stavanger sentrum, Kristin Gustavsen, var invitert til møtet for å snakka om korleis ein kan skapa liv i Vikevåg.

– Når ein skal utvikle eit sentrum er det to ting som er viktige. Det eine er å ha ein plan, det andre er at ein får til eit godt offentleg-privat samarbeid, seier Gustavsen, og fortsetter:

– Mål nummer ein er å gå saman, slik kan ein oppnå meir. Viss ein samlar midler i ein pott får ein realisert meir, og ein har større sjans for å bli høyrd saman. Samarbeid er stikkordet.

https://www.oyposten.no/2021/09/25/vil-gjenoppliva-rennesoydagen/

Vil oppruste

Ifølgje fleire av dei oppmøte er det ein god del ting som må på plass for å ha eit fungerande sentrum.

Blant anna blei det diskutert korleis båthamna og MC-huset blir nytta i dag, offentlege toalett for besøkande, mangel på ein kafè og treningssenter, samlingsplass(ar) for både unge og eldre, benker og planter, med meir.

– For rundt 10 til 20 år sidan var det mange fleire bedrifter her. Korleis skal me greie å få til noko her, når me heile tida «konkurrerer» med fastlandet. Det må noko meir til, for korleis skal bedrifter etablere seg og bestå? la Anny Hatlen til.

Ho er leiar for historielaget, og styremedlem i turlaget for Rennesøy og Finnøy.

Arbeidsleiar i idrett og utemiljø i Stavanger kommune, Eirik Solbakken Christophersen, oppfordra dei til å nytte seg av storkommunen.

– Eg ser at Finnøy har vore hakket flinkare. Det er ting som benker, bord og blomsterkasser. Ein kan ta seg ein is og kosa seg, og det er litt liv. Det er mange små ting me i kommunen kan bidra med. Her har dei kome til meg og me såg på kva me kunne få til saman. Me fiksa blomsterkasser og planter, og dei vanner, fortalde han.

Etter mykje diskusjon tysdag, lar likevel ei eventuell sentrumsforeining foreløpig venta på seg.

I første omgang blei det bestemt at det må gjeras noko for å få ein betre julepynt. Solbakken Christophersen presiserte at det er litt seint å få gjort noko med pynten for i år, i og med at det er bestillingsproblemer på grunn av korona, men at dei skulle sjå kva dei kunne gjera.

I mellomtida er det også ein ny muligheitsstudie for Vikevåg under arbeid. Den er i utgangspunktet venta å bli lagt fram for politikarane før sommaren neste år.

Det er for øvrig ikkje lenge sidan det blei bestemt at Rennesøydagen skal gjenopplivas, også dette for å skapa liv i kommunedelen.