Vil gjenoppliva Rennesøydagen

Det var mykje iver for å starta opp igjen med Rennesøydagen i 2022 på eit dialogmøte i Vikevåg torsdag.

TOMMEL OPP: Til venstre ser du Nils Magnus Heggland og Anny Hatlén m.fl. Bakerst sitter Jon Tore Helland og Christoffer T. Johnsen frå kommunedelsutvalet. På høgre side ser du innbyggertorgkoordinator Tina Nådland, bibliotekskoordinator Rebecca Egeland, frivilligleiar Bjørg Vestbø, Ann Elin Piel og Terje Øvrebø i kommunedelsutvalet, m.fl.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

RENNESØY: Sist gong Rennesøydagen blei halde var to år sidan, ettersom det blei avlyst i 2020 grunna pandemien.

– 2022 er verkeleg året me må satsa på det, i og med at det er frivillighetsåret, påpeikte Annie Hatlèn i historielaget torsdag kveld.

Frivillighetsåret

Det blei god idèmyldring på dialogmøtet som var sett opp for lag- og foreninger, frivillige, næringsliv, og ildsjeler i Vikevåg.

Til stades var blant anna representantar frå kommunedelsutvalet, historielaget, kystlaget, frivilligsentralen, hagelaget, speidarane, 4H, biblioteket, også vidare.

– Kanskje det burde vore anna kvart år, ikkje berre ha den kvart år, berre for å ha den. Det skal først og fremst vera kjekt, lufta Terje Øvrebø, leiar i kommunedelsutvalet.

Det var uansett stor einigheit om at Rennesøybuen fortener eit slikt arrangement dem 27. august neste år.

God gammaldags bygdedans

Leiar for frivilligsentralen, Bjørg Vestbø, meinte at det var på sin plass å gjenoppliva dagen, sidan det no byrjer å bli litt liv igjen i kommunedelen.

– No byrjar det endeleg å opna seg opp her. Meieriet skal organisera oktoberdans, det blir ein god gammaldags bygdedans, fortalde ein spent Vestbø.

Kommunedelsleiar Terje Øvrebø la til at det kunne vore kjekt med ein dans som avslutning på Rennesøydagen, slik det hadde vore før i tida.

– Det er viktig for oss at dette skal engasjere. Me må visa at dette kan vera bra for alle her i Rennesøy, både for innbyggarane, lag og foreiningar og næringslivet, og eg håpar at me saman kan få det til. Me gler oss, seier Tina Nådland som er innbyggertorgkoordinator.

No er dei allereie i gong med å starta ein arbeidskomitè. Ho oppfordrar dei som vil bidra, både organisasjonar og enkeltpersoner, om å ta kontakt.

Publisert: