Flott på toppen av Pilå. Pilå er eit av turmåla i konkurransen. På bildet ser du Hedda Karin Talgø Klakegg. Foto: Silje Talgø Klakegg

For å delta på konkurransen, må du laste ned Trimpoengappen og søke fram Finnøy og Rennesøy Topptur 2024. Der kan du melde deg inn og delta i konkurransen.

Søndag kveld har allereie rundt 80 personar meldt seg på, og ein deltakar har allereie klart å oppnå 1200 poeng.

Ved å nytte appen til å sjekke inn på turmåla som er lagt inn, kan du samle poeng. Kanskje vinn du ein premie i slutten av året. Over 160 turmål er lagt inn i appen, og mange av desse finn du i Finnøy og Rennesøy kommunedel.

I august skreiv Øyposten at det ifølgje Trimpoengappen var Fognabuen som gjekk mest på tur. Søndag kveld er det ein Sjernarøybu som leiar konkurransen, men med 51 veker att, er det gode moglegheiter for å sanke poeng.

I 2023-konkurransen blei det premie på flest poeng, flest turar og tilfeldig trekte vinnarar. Desse vil snart bli offentleggjorde.