Fognabuen går mest på tur
Her går folk mest på tur i følgje Trimpoengappen.
– Konkurransen går gjennom heile året, så det er enno ikkje for seint å starte, seier leiar av Finnøy frivilligsentral, Ragnhild Valand.
Trimpoengappen er ein app der du kan delta i ulike konkurransar. Det er frivilligsentralen som står bak Finnøy og Rennesøy Topptur 2023. Her vil dei premiere fleire deltakarer, både den som har gått flest turar, den som har mest poeng og nokre tilfeldige som vil trekkast blant alle deltakarane.
Ein av dei mest ivrige turgåarane heiter Solveig Hovda. Ho er 82 år og bur på Fogn, og ligg langt oppe på lista over innsjekkingar.
– Det er vidunderleg å gå i naturen, seier Solveig Hovda.
– Eg går mest på Peråsen og Ørnakulå. Eg høyrer fuglekvitter og nokre gonger har eg sett rev. Det er godt å røre på seg, og eg kjem meg ut på tur to eller tre ganger i veka.
Ho har aldri vært nokon systematisk turgåar, men har alltid likt seg i naturen.
Færre i år
Frivilligsentralen har nytta appen også tidlegare år.
– Me har sett ein nedgang i antall deltakerar. Difor vil me oppfordre fleire til å melde seg på og ta turen ut, seier Valand.
Ingvild Moen og Reidun Aabrekk Bråtveit fortel at dei har vært med tidlegare år.
– I år går me tur utan app, seier dei. Kanskje det er det dei gjer på Ombo også?
Valand trur at det for mange vil vere ein ekstra motivasjon å kome seg ut på tur viss det ligg eit konkurransemoment i turen. Her har alle ein moglegheit til å vinne, og du vil og få sjå at poenga dine aukar dess fleire innsjekkingar du tar. Dette kan vere ein motivasjon i seg sjølv.
Færrast på Ombo
Det er klart færrast innsjekkingar på turmåla du finn på Ombo. Bandåsen har berre ti innsjekkingar til no i år, medan Ørnakulå på Fogn har heile 1537.
– Det har kanskje ein samanheng med dagsturhytta som Stavanger kommune har plassert der, meiner Valand.
– Men det er ei klar overvekt av Fognabuar på øvste del av lista på trimpoengappen, så det er nok ikkje berre dagsturistar som sjekkar inn.
Turstiane på Fogn blir mykje brukt heile året. Dette stadfestar Heidi Bø Sangedal som og er ein ivrig turgåar. Ho nyttar poengappen og seier at poenga gjer det ekstra motiverande å kome seg ut.