Denne gjengen lovar å ta godt i mot alle som ønskjer å bli med på julegraut og bygdequiz. Frå venstre: Magnus Hebnes, nestleiar Edwin Skavland, leiar Hanne Gjersdal, Atle Christensen. Foto: Finnøy bygdeungdomslag

Leiar av Finnøy bygdeungdomslag, Hanne Gjersdal, fortel at ein kan vente seg julegraut med mandel i, bygdequiz og premie til vinnarane.

– Her er alle inviterte, seier Gjersdal til Øyposten.

Det blir ein kveld der ein kan treffe gamle vener eller møte nye.

Adressa er Flesjåvegen 34.

Øyposten prata med leiaren i Finnøy bygdeungdomslag tidlegare i haust.

Den gongen fortalde ho at bygdeungdomslaget er opptatt av å skape eit tilbod der alle kan passe inn.

Ho la vekt på at bygdeungdomslaget er eit lågterskeltilbod, og dei vil at alle skal føle seg velkomne på arrangementa.

– Det er ein måte å bli kjend med sambygdingar om du er tilflyttar i bygda, eller kanskje du blir betre kjend med nokon du eigentleg trudde du kjende godt frå før.

Kart som viser kor Flesjåvegen 34 er: