Nytt styre i Finnøy Bygdeungdomslag har mange planar for hausten
Finnøy Bygdeungdomslag starta opp att i fjor etter ein 20 år lang pause. Dei har store planar for ein aktiv haust på Finnøy.
I haust fekk Bygdeungdomslaget ny leiar. Hanne Gjersdal kjem opphavleg frå Vigrestad på Jæren, men har budd tre år på Talgje. No har 22-åringen som til dagleg arbeidar i Norsk Landbruksrådgjevning, tatt på seg vervet som leiar i den snart et år gamle organisasjonen. Dei har som mål å skape sosiale samlingsstader for folk i heile bygda.
Tevling i haust
– I oktober skal vi ha tevling, fortel ho.
– Då blir det konkurrert i melkespannhalding, øksekast, presisjonskøyring med traktor og spikring. Det kjem til å bli veldig kjekt.
Ho meiner at Finnøy Bygdeungdomslag vil vere ein viktig ressurs for å skape samhald og positive aktivitetar for ungdom i øyane. Slagordet til Norges bygdeungdomslag er «best på levande bygder», og det er dette dei har som mål å leve opp til.
– Alle kan bli medlem. Ein må vere fylt 18 år for å få bli med på festane, men me har mange arrangement som er opne for alle. Det finst ingen nedre aldersgrense for å bli medlem.
Bli kjend
Ho legg vekt på at bygdeungdomslaget er eit lågterskeltilbod, og dei vil at alle skal føle seg velkomne på arrangementa.
– Det er ein måte å bli kjend med sambygdingar om du er tilflyttar i bygda, eller kanskje du blir betre kjend med nokon du eigentleg trudde du kjende godt frå før.
Ho fortel at dei skal ha bygdefest i november og julegraut med bygdequiz i desember. Kor arrangementa finn stad, varierer.
– Følg med på Facebooksida vår for å lese om arrangementa som kjem framover. Nokre av arrangementa kjem også til å vere opne for dei som ikkje er medlemmar, så då vil du få ein moglegheit til å sjå kva me driv med.