Judaberg kai onsdag kveld. Foto: Sigbjørn Høidalen

Onsdag klokka 19.00 melder Norled dette:

«Hurtigbåten kansellerer anløp av Helgøy og Nesheim.»

Klokka 18.22 la båtoperatøren ut denne meldinga:

«Hurtigbåten fra Ropeid til Stavanger er ca 20-30 min forsinket, forsinkelsen vil også gjelde avgangen fra Stavanger mot Sauda kl. 1945, dette skyldes veldig grov sjø.»

Frå klokka 17.05 onsdag blei Ryfylkeferjen innstilt, går det fram.

Ferjeruta Mortavika - Arsvågen på E39 er lagt om til Hanasand - Arsvågen ut dagen, blei det kjent tidlegare i dag. Årsaken er vestavind og høge bølger.

I skrivande stund klokka 19.38 legg ei av ferjene i Finnøysambandet til kai med bilar på Judaberg.

Ifølgje Yr skal vinden i Ryfylkebassenget vere på sitt kraftigaste mellom klokka 20 og 21 onsdag før den skal avta litt gjennom natta.