Ferjearbeidar Henning dirigerer køen på Hanasand onsdag ettermiddag.

Øyposten sin utegåande reporter Sigbjørn Høidalen melder onsdag ettermiddag om lang kø på fylkesvegen frå Hanasand mot Rennaren.

Onsdag er det tidvis lang kø i forbindelse med stenginga av Mortavika kai. Alle som skal reise med ferja, må køyre til Hanasand. Foto: Sigbjørn Høidalen

Fjord1 melder i 12-tida at ferjene til og frå Mortavika vil gå mellom Arsvågen og Hanasand resten av dagen. Desse endringane har vore nødvendige på grunn av verforhold.

Ifølgje Bølgevarsel er signifikant bølgjehøgde på Mortavika kai 2,4 meter klokka 13.55, og vinden er på 16,1 sekundmeter med kast på 23,5 sekundmeter. Både vind og bølgjehøgde er forventa å stige utover ettermiddagen.

På Hanasand kai er signifikant bølgjehøgde 0,8 meter, og vinden 10,6 sekundmeter med kast på 21,7 sekundmeter.

Ferja kjem til land ved Hanasand onsdag ettermiddag med regnbogen som eit håpefullt værteikn. Foto: Sigbjørn Høidalen

Ruta vil gå som følgjer:

Frå Arsvågen kl. 12:20, 12:55, 13:30, 14:00, 14:35, 15:10, 15:45, 16:15, 16:50, 17:25, 18:00, 18:30, 19:05, 19:40, 20:15, 20:45, 21:55.

Frå Hanasand kl. 13:20, 13:55, 14:30, 15:00, 15:35, 16:10, 16:45, 17:15, 17:50, 18:25, 19:00, 19:30, 20:40, 21:15, 21:45.

Nye vurderingar vil takast i kveld, meldar Fjord1.

Kart som visar kor ferja går til og frå resten av dagen: