Fredag frå klokka 10.30 til 12.30 er det rullatorfestival utanfor Rennesøy helse- og omsorgssenter, som er ein del av Fellesskapsuken på Rennesøy, som igjen er eit oppspel til Rennesøydagen siste helga i august.

– Her er det mykje latter og god stemning. Folk har tatt på hattar og fargerike klede, fortel koordinator Tina Nådland rett før rullatorfestivalen brakar laus.

– Me har rigga til ei lita løype der det blir 17. mai-leikar, munnharpespel og toradarspel. Me har korta ned løypa på grunn av varmen. Det viktigaste i dag er den sosiale fellesskapen, legg ho til.

Dag Mossige, gruppeleiar for Stavanger Arbeidarparti, opnar festivalen klokka 10.30.

Rennesøy rullatorfestival er i gong. Foto: Tina Nådland

Laurdag mellom klokka 13 og 16 kan du få vaska bilen på Rennesøy brannstasjon, ved innkøyringa til Vikevåg. Rennesøy fotballklubb står bak tiltaket, og dette er òg ein del av Felleskapsuken.

Felleskapsuken avsluttast med to arrangement på Østhusvik grendahus. Laurdag er det kafé for heile bygda og barnas marknad der, medan det søndag er «Cars & Coffee», for dei som er glade i tøffe bilar pluss kaffi.

På Finnøy kan du laurdag klokka 15.00 få ei spesiell teateroppleving i turområdet Teigen, opp frå Reilstad. Der spelar Nabolagsteateret stykket «Klatremus og de andre dyrene i Hakkebakkeskogen» som eit vandreteater langs ei løype i skogen.

Elles er det søndag tredje søndag i treeiningstida med ei rad gudstenester og andakter i kyrkjer og bedehus i både Finnøy og Rennesøy.