Sissel Marie Bjerga er leiar i Finnøy kommunedelsutval. Foto: Sigbjørn Høidalen

Stopp reversering av gratis ferje, heiter oppropet.

– Dette er småleg, undergrev tilliten til det politiske systemet og er veldig kortsiktig tenkt, skriv Ramsland i oppropet der han ber politikarar og andre involverte tenkje seg om ein ekstra gang før dette blir vedteke.

Ber om støtte frå landfaste øyar

Sissel Marie Bjerga støttar oppropet, og ønskjer at alle som bur i Finnøy og Rennesøy sine landfaste øyar også vil støtte opp om dette.

– Me treng støtta dykkar opp mot fylkespolitikarane. Det nyttar ikkje at berre 40 på Halsnøy signerer. Me ønsker at de står saman med oss i solidaritet. De har også vore ikkje-landfaste tidlegare, og mange hugsar sikkert korleis dette var.

I tillegg peikar Bjerga på at dette faktisk også vil få konsekvensar for dei som ikkje bur utan fastlandsforbindelse.

– Først blir det eit reint tap for bedrifta du kjøper tenester frå, i fortsettelsen kjem det tilbake til forbrukarane ved at varene blir dyrare.

Opent brev til alle øybuar

I ein melding skriv ho følgjande:

Til deg som veit kva transportkostnader betyr for næringslivet, og forstår kva det betyr å ha stengt veg store deler av døgnet – berre opningstid når ferje eller hurtigbåt er i kaien, støtt oss på dei ikkje-landfaste øyane i denne viktige saka. Det kan samanliknast med at Finnfast- eller Rennfastbommen skulle litt gjenopna for å finansiere buss i byen. No skal me som har dårlegast føresetnader for å driva næringsliv og har stengt veg det meste av døgnet, saldere fylkeskommunen sitt budsjett for å finansiere kollektivtransporten i fylket. Forstå det den som kan. Løyvinga frå regjeringa til gratis ferje, blir brukt på anna enn midlane var tenkt for. Me skal altså betale inn 15 millionar for å finansiere andre rutetilbod, og konsekvensen vil bli mindre løyvingar til fylket i neste runde.

Oppropet finn du her.