Sissel Knutsen Hegdal (t.v.) saman med leiar for Finnøy kommunedelsutval, Sissel Marie Bjerga. Foto: Silje Talgø Klakegg

Også varaordførar Henrik Halleland var til stades på møtet. Både Knutsen Hegdal og Halleland representerer parti som er i posisjonen i fylket, og som har planlagt å innføre betaling for køyretøy på ferjene frå 2024.

Knutsen Hegdal og Halleland har inga direkte makt inn mot fylkestinget fordi dei berre er kommunepolitikarar, men forsamlinga oppmoda dei til å snakke tydeleg til partifellane som skal møte i fylkestinget på tysdag, når budsjettet for 2024 skal vedtakast.

– Me bør leggje press på fylket når me ser at eit slikt vedtak vil påverke ein del av kommunen vår i så stor grad, seier Knutsen Hegdal til dei frammøtte på innbyggartorget.

Ho legg til at ho kjenner kommunedelen godt.

– Eg har hatt hytte på Nord-Hidle sidan år 2000. Eg ser avfolkinga. For meg som berre reiser på hytta innimellom, er dette med betaling på ferja eit luksusproblem. Det er noko heilt anna for dykk som må leve med dette kvar einaste dag, seier ho.

– Eg er opptatt av å få et nært og godt samarbeide med innbyggjarane om å skape aktive lokalsamfunn i heile kommunen vår. Vi vil reversere fråflyttinga frå øyane – ikkje motsett!

Ho er glad for å få innspel frå dei råka.

Eit knippe av dei mange frammøtte. Foto: Silje Talgø Klakegg

Høg temperatur

– Me kan ikkje akseptere dette, sa Jon Olav Runestad som driv med tomat på Fogn.

– Me har stor verdiskaping på øyane, og gratis ferje har vore eit løft for alle som vil drive med noko her. Staten innvilga pengane for at ferjene skulle bli gratis. Det er eigentleg heilt unødvendig at me treng dette møtet.

Også tidlegare ordførar i Finnøy kommune, Kjell Nes, uttala seg i saka.

– Dette er eit stort svik for øyane, sa han.

Nes arbeidar sjølv innanfor turisme på Ombo, og han trur at færre vil reise på ferie her viss dei må betale. Han er også bekymra for sjølve folkestyret når desse tinga blir avgjort på lukka rom, utan at dei som blir påverka får høve til å fortelje korleis dei vil bli ramma av det som blir bestemt.

– Me ser på folketala som går stadig lågare her på øyane. På Ombo har folketalet gått ned med 28 prosent sidan 1980. Det er alvorleg, seier han.

Kjell Nes fortel korleis reiselivet på Ombo blir påverka av betaling på ferjene. Foto: Silje Talgø Klakegg

Birger Hetland, som sit i bystyret for Stavanger, men som også er bonde på Sjernarøy, sa kva han meinte om å innføre betaling på ferjene.

– Eg vil berre oppfordre fylkespolitikarane til å saldere på nytt, på ein måte som ikkje vil straffa oss i distrikta. Det handlar ikkje berre om ein femtilapp innimellom for dei som skal ta ein svipptur til fastlandet. Det er snakk om dyrefòr som skal fraktast, reiseliv som får dårlegare vilkår og anbod på til dømes bygging som må forkastast fordi rammevilkåra blir endra.

Geir Landsnes frå Norgesbygg Landsnes bygg stadfesta poenget til Hetland.

– Me held på å byggje ut eit hyttefelt på Helgøy. Eit av premissane for prisane som er oppgitt til kundane, er blant anna gratis ferje, så dette fordyrar prosjekta, og kundegrunnlaget blir mindre. Det er vanskeleg å drive eit byggfirma når det heile tida er endringar i transportkostnadane. Stabilitet er noko av det viktigast me kan tilby folk som ønskjer i bli buande i distrikta, seier han, vendt mot politikarane.

Han legg til:

– Viss landskapet gror igjen i øyane, blir det heller ikkje nokon stad der byfolk ønskjer å reise til for å senke skuldrene.

Fleire trekk fram dette med viktigheita av næringsverksemd for å halde på folk i distrikta.

Daniel Nedrebø Gjertsen, Norvald Hetland, Birger Hetland og Daniel Nedrebø var blant gjengen frå Sjernarøy som ser dystert på øyframtida viss ikkje fylkespolitikarane vel å snu. Foto: Silje Talgø Klakegg

Engasjement frå Rennesøy

Egil Torgersen, dagleg leiar i Rennesøy trafikk, tek også ordet. Rennesøy trafikk er eit stort firma som driv med transport og distribusjon. I løpet av ei veke, sender dei mange køyretøy innover i øyane.

– Meirkostnadane for dette kan ikkje me som firma ta. Blir det dyrare for oss som transportør, vil dette falle tilbake på kundane. Når prisen går opp, går servicegrada ned.

Ordførar Sissel Knutsen Hegdal påpeiker at dei vil halde fylkespolitikarane ansvarlege, men at ho, saman med varaordførar, vil gjere det dei kan for å påverke partifellar i fylket.

– Eg trur ikkje at fylkespolitikarane var heilt klar over kor store konsekvensar dette vil ha for dykk som bur og driv næring i øyane, og derfor synast eg det er så flott å sjå all engasjementet. De fortel tydeleg korleis de ikkje kan ha det, og då vil eg vere tydeleg vidare inn mot dei som tek avgjerslene i fylket.

Ho blir påminna av Sissel Marie Bjerga at fylkestinget er allereie på tysdag.

– Eg er klar over det, svarar ordføraren.

Tor Bernhard Harestad er vara i fylket, og kjem til å delta på gruppemøtet til Framstegspartiet før fylkestinget.

– Gruppemøta er på måndag, seier han til Knutsen Hegdal og Halleland.

– De må ta tak i desse fylkespolitikarane før dette.

Så legg han til:

– Eg skal i alle fall stå på dykkar side i gruppemøtet til Framstegspartiet.