Denne publiseringen var i strid med Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. Les uttalelsen fra Pressens Faglige Utvalg her.

– Fylkesdirektøren vil kutte hurtigbåten som går midt på dagen og heile sambandet til Hjelmeland, seier leiar Håkon Eide i Pendlerforeningen:

– Me veit det vil kome fleire kuttforslag. Pendlarforeininga må bli så stor at dei ikkje kan oversjå oss.

Torsdag morgon stod han på Judaberg kai og delte ut vervelappar. Pendlarforeininga har utgangspunkt i dei ikkje landfaste øyane, men dei ønskjer å få med folk frå sjølve Finnøy òg, sidan dei er avhengige av dei same båtane.

Pendlar til Suldal

– Eg må først vite litt meir om kva det handlar om, seier pendlar og finnøybu Toralf Veum Ladstein etter å ha fått ein vervelapp frå Eide.

Ladstein er prest i Suldal og pendlar med hurtigbåten til Jelsa.

– Eg kan i alle fall sei at mannskapet på hurtigbåten gjer ein strålande jobb, seier han i det han går om bord i båten.

På telefonen til Eide plingar det inn meldingar.

– Så langt i dag er det kring 20 nye som har meldt seg inn. Då er me oppe i kring 200 medlemer totalt, seier Eide.

Hektisk lobby

Onsdag var han i møte med fleire som sit i fylkets samfunnsutval. Måndag 13. november skal han i nye møter. Samfunnsutvalet handsamar saka om kollektivkutt onsdag 15. november, før saka går vidare til fylkestinget.

– Innan 2030 skal alle båtane vere elektrifiserte, utan at me har fått på plass naudsynt kraftforsyning. Me vil få fleire saker å kjempe for framover, seier Eide.

Han bur sjølv på Ombo og er ikkje avhengig av båt til og frå jobb, men kona brukar båten til og frå jobb hos Coop-en på Judaberg, fortel han.