Stavanger kommune har lagt ut denne informasjonen om korleis ordninga med gratis hurtigbåt i deler av Ryfylkebassenget skal praktiserast:

«Et eget elektronisk skjema der du laster opp bilde av hver billett du har brukt, er på vei. Det skal være klart tidlig i juli.»

Etter det Øyposten skjønar må du logge deg inn på «Min side» på Stavanger kommunes nettside for å få tilgang til det elektroniske skjemaet.

Ordninga med gratis kollektivtransport i sone Nord-Jæren for innbyggarar i Stavanger kommune startar måndag 3. juli. Om det elektroniske skjemaet vil vere klart til då, er høgst usikkert.

Eit ørlite smutthol

Hurtigbåtane har eit eige takstregulativ hos Kolumbus som ikkje fungerer med den enklaste digitale løysinga. Stavanger kommune lagar difor ei ordning der dei refunderer kjøpte billettar i ettertid. Ordninga vil òg omfatte hjem-jobb-hjem-billettar, skriver kommunen.

Gratis hurtigbåt i sone Nord-Jæren har eit smutthol i og med at hurtigbåten mellom Finnøy og byen er innom Tau i Strand kommune, som høyrer til sone Ryfylke.

– Me må her berre appellere til folks samvittigheit, seier kommunikasjonsrådgivar Ståle Madland Schjelderup i Stavanger kommune:

– Me vil refundere båtbillettar mellom Judaberg og byen sjølv om båten er innom Strand, men refusjonen er ikkje meint for dei som går av på Strand.

Refunderer ikkje kombibillett

Øyposten har i eit par veker prøva å få svar på om kommunen vil refundere den såkalla kombibilletten, eit alternativ for dei i Finnøy som reiser litt på kryss og tvers og som ikkje har hjem-jobb-hjem-billett. Ein kombibillett kostar 2350 kroner, varar i 30 dagar og dekker buss, båt og tog i Nord-Jæren. Problemet er at den òg dekker buss i Ryfylke og båt til Strand.

Onsdag 28. juni fekk me svar.

– Me refunderer ikkje kombibilletten, seier kommunikasjonsrådgivar Madland Schjelderup:

– Det ville balla på seg med tilsvarande billettar sørover på Jæren.

For å bruke gratistilbodet frå 3. juli må du først registrere deg i kommunens kollektivregister. Det gjer du ved å logge deg inn på «Min side» på Stavanger kommunes nettside. Kommunen opna for registrering onsdag 28. juni klokka 10.00. Registreringa tar under eitt minutt, då Øyposten prøva.