Måndag ettermiddag vedtok Stavanger kommunestyre å innføre gratis kollektivtilbod for innbyggarar i Stavanger kommune. Ordninga gjeld frå og med måndag 3. juli og fram til 200 millionar kommunale kroner er bruka opp. Det vil sannsynleg sei ut dette året og eit stykke inn i det neste.

Vedtaket blei gjort med 42 mot 25 stemmer, der Venstre og den uavhengige representanten Christian Wedler frå mindretalet stemte saman med det etablerte fleirtalet.

Frå den historiske avstemminga om gratis kollektivtransport på Nord-Jæren for innbyggarar i Stavanger kommune der 42 stemte for og 25 imot. Foto: Kommune-TV

– Me gjer dette for å hjelpe på folks økonomi, men ikkje berre det, sa ordførar og forslagsstillar Kari Nessa Nordtun (Ap):

– Når fleire reiser kollektivt, vil bilkøane minke, som er bra for næringslivet og bra for miljøet. Det blir meir attraktivt å bu på øyane våre, sidan me òg gjer hurtigbåten gratis. Vidare vil fleire besøke sentrum og bruke meir tid der, som er bra for restaurantane, utelivsbransjen og handelsstanden.

Enklare for buss

I og med at den økonomiske ramma er sett til 200 millionar kroner, vil varigheiten henge saman med suksess. Om optimistane får rett, og 60 til 70 prosent fleire hoppar på bussen eller båten, vil ordninga vare kortare enn om ingen bryr seg. Eit nytt estimat som blei lagt fram søndag, seier at 200 millionar kroner vil halde i åtte til tolv månader.

For dei som vil reise gratis med buss og tog blir opplegget som følgjer:

Du må først registrere deg i Stavanger kommunes «kollektiv-register» og vil då få tilgang til å bestille billett ved hjelp av mobilnummer og ei kode på SMS. Billetten kan du opne i billett-appen til Kolumbus. Billetten sendast automatisk til mobilen din umiddelbart etter bestilling, som er ei klar forbetring frå løysinga som blei presentert for ei veke sidan.

Meir informasjon er om kort tid venta på Stavanger kommunes nettside.

For dei som vil reise gratis med hurtigbåten blir opplegget:

Dei reisande må først betale og så få refundert utgiftene i ettertid av Stavanger kommune. Same opplegg, refusjon i ettertid, vil gjelde for dei som reiser med såkalla HjemJobbHjem-billett, får Øyposten oppgitt.

Negativ til løysinga

Saka førte til ein uvanleg lang og tilspissa debatt i kommunestyret, der særleg Høgre, Framstegspartiet og Pensjonistpartiet ga gratisforslaget det glatte lag.

Finnøys Henrik Halleland (KrF) var eigentleg positiv til ideen, kom det fram, men negativ til gjennomføringa.

– Eg håpar fleirtalet har kontroll på dette, både på kostnader og tekniske løysingar, seier Halleland til Øyposten:

– For hurtigbåt må ordninga bli betre. Tenk deg to pendlarar som står på Judaberg kai. Den eine skal til Stavanger og den andre til Tau. Den første får billetten refundert av Stavanger kommune. Den andre må betale heile billetten sjølv.

Halleland håpar òg at ordninga med å sende inn reiserekningar blir unødvendig.