Trass i store økonomiske kutt på sjukeheimen meiner leiar Gaute Tengesdal at det er fullt mogleg å oppretthalda forsvarleg drift. Foto: Arkiv.

Det har vore mykje debatt når det gjeld helsetenesta på Finnøy sjukeheim i det siste, etter det varsla driftskuttet på 10 prosent.

Kuttet vil tilsvare heile fire millionar kroner, og har ført til fleire nyheitssaker, samt lesarinnlegg frå sjukepleiarar og bekymra tillitsvalde.

https://www.oyposten.no/2021/10/06/lesarinnlegg-fra-parorande-vedrorande-varsla-driftskutt-ved-finnoy-sjukeheim/

– Bra med debatt

Budsjettkuttet er resultatet av at Finnøy helse- og omsorgssenter må tilpassa seg same budsjettmodell som resten av Stavanger kommune har.

Denne veka kom det eit nytt lesarinnlegg frå tre pårørande vedrørande driftskuttet.

«Me ser at det er blitt stadig travlare å vera dei som skal ta vare på våre eldre på sjukeheimen. Me ser korleis dei må springa stadig fortare for å vinna over stadig meir. Me ser likevel gode sjukepleiarar og omsorgspersonar som møter våre eldre og oss pårørande med omsorg, respekt og varme, som etter beste evne i ein travel kvardag gir «det vesle ekstra». Spørsmålet er kor lenge dei orkar,»

skreiv dei blant anna.,

Virksomhetsleiar ved Finnøy helse- og omsorgssenter, Gaute Tengesdal, seier han synest det er veldig bra med debatt og meininger om eldreomsorg i lokale og nasjonale medier.

– På sikt håpar eg at dette kan vera med på å styrka eldreomsorgen. Det trur eg alle er interesserte i, seier Tengesdal til Øyposten.

https://www.oyposten.no/2021/10/07/kva-konsekvens-far-driftskuttet-pa-sjukeheimen/

– Kva med respekt og omsorg?

Dei pårørande skriver i lesarinnlegget at dei ikkje kan begripa korleis det skal vera mogleg å oppretthalde forsvarleg drift ved sjukeheimen, slik situasjonen blir no.

«Me er bekymra! Og me skjønar ikkje korleis beslutningstakarar og politikarar i kommunen kan ta til orde for at drifta vil bli forsvarleg, trass i nedskjeringar. Me lurer då på kva som blir lagt i ordet forsvarleg. Det stemmer sikkert, om det handlar om å oppbevara og halda liv i folk. Men kva med respekt, omsorg for heile mennesket og livskvalitet?»

påpeiker dei pårørande.,

Virksomhetsleiaren, Gaute Tengesdal, understreker at dei skal oppretthalde ei forsvarleg drift på omsorgssenteret.

– Det er naturleg at folk vil ha forskjellig oppfatning om kva som ligg i begrepet forsvarleg. Finnøy helse- og omsorgssenter har etter mitt syn i dag forsvarlege tenester til pasientar og bebuarar og det skal me fortsetta med, avsluttar han.