Både på Finnøy og Rennesøy innbyggartorg var det fleire innom for å stemme då «båsen» for førehandsstemming opna torsdag 10. august klokka 08.30.

Første dag var det samla i Stavanger kommune 1904 personar som bruka røysteretten, opplyser kommunen på nettet.

På kommunens nettsider kan du sjå alle detaljar om valordninga.

Innbyggartorga i Finnøy og Rennesøy har fram mot valet ope for førehandsstemming måndag til fredag frå klokka 08.30 til 15.00, med untak av torsdagar då det er langope til klokka 18.00.

Sjølve valdagane er søndag 10. og måndag 11. september.