Frå og med torsdag 10. august kan folk førehandsstemme til haustens kommune- og fylkestingsval. Øyposten har samla fakta om korleis valet blir avvikla i Finnøy og Rennesøy kommunedelar.

– Torsdag 10. august klokka 08.30 startar førehandsstemminga, seier valansvarleg Linda Vestersjø i innbyggartorget på Judaberg.

Koordinert opplegg

Opplegget og opningstider blir heilt likt i Finnøy og Rennesøy, og lokalet for førehandsstemming er dei to innbyggartorga på Judaberg og Vikevåg. Opningstidene båe stader er måndag til fredag frå klokka 08.30 til 15.00, der det torsdagar er utvida opningstid til 18.00.

Muligheiten for å førehandsstemme varar fram til og med fredag 8. september. Laurdag 9. september er det fridag, og så er dei ordinære valdagane søndag 10. og måndag 11. september.

Arrangerer debattar

Fram mot valet er det planlagt valdebattar både i Finnøy og Rennesøy. På Finnøy innbyggartorg blir det ein valdebatt torsdag 24. august, rett etter Tomatfestivalen. Tema er ennå ikkje bestemt.

Rennesøy har planlagt ein stor debatt i Kulturhuset Meieriet onsdag 30. august. Debatten blir leia av Stavanger Aftenblad og tema er næringsliv og kvardagsliv. Eit overordna spørsmål som paneldeltakarane må svare på er: Kva vil politikarane med øyriket? Blant anna stiller alle dei reelle ordførarkandidatane i Stavanger til debatten i Vikevåg.

Mange alternativ

Både til kommunevalet i Stavanger og fylkestingsvalet i Rogaland har du som veljar denne gongen 17 parti å velje mellom. I tillegg kan du stemme blankt. Eit nytt parti i år er Folkestyret-listen. Listene til kommunevalet har rosa farge, medan listene til fylkestingsvalet er blå.

Når du har valt ei liste, kan du gje kandidatar du likar ei personstemme ved å sette eit kryss i ruta til venstre for namnet. Til kommunevalet, men ikkje til fylkestingsvalet, kan du i tillegg gje personstemme til inntil 16 kandidatar frå andre lister, ved å skrive opp namna deira på stemmeseddelen.

Treng personstemmer

Kandidatar som står med feit skrift øvst på lista har fått eit stemmetillegg frå eige parti. Kandidatar lenger ned på lista er heilt avhengige av personstemmer frå veljarane for å bli valt.

Øyposten har gått gjennom alle listene til kommunevalet. Me fant berre tre parti som har gitt stemmetillegg til kandidatar frå øyane:

  • Kristeleg Folkeparti: Henrik Halleland frå Finnøy på førsteplass

  • Senterpartiet: Dagny Cesilie Sunnanå Hausken frå Rennesøy på førsteplass og Birger Wikre Hetland frå Finnøy på tredjeplass

  • Framstegspartiet: Tor Bernhard Harestad frå Rennesøy på tredjeplass

I Stavanger kommunestyre er det 67 plassar. Korleis ulike kommunedelar blir representert, har veljarane god muligheit til å påverke.

Lokala på valdagen

Sjølve valet søndag 10. og måndag 11. september går føre seg her:

Rennesøy:

Vikevåg innbyggartorg søndag og måndag. Mastrahallen måndag.

Finnøy:

Finnøy fleirbrukshall søndag og måndag. Oppvekstsentera på Ombo, Fogn og Sjernarøyane måndag.

– Eg har ikkje lov å involvere meg i valkampen, men eg kan sei dette: Bruk stemmeretten, seier valansvarleg Linda Vestersjø i Finnøy.