Skjermbilde av Rune Askeland, leiar av Utval for miljø og utbygging, og forslagsstillar. Foto: Silje Talgø Klakegg

Bakgrunnen for forslaget som han sender kommunedirektøren, er vedtaket om skulemat frå 9. mars, der kortreist og lokalprodusert mat blir framheva.

Han ønskjer at kommunedirektøren fremmar ein sak som visar moglegheita for å oppnå at halvparten av all innkjøpt mat og drikke til Stavanger kommune skal vere produsert i Rogaland.

Forslaget blei fremma på vegner av hans eige parti, Miljøpartiet De Grønne, Senterpartiet og Arbeidarpartiet.

Dei meiner at eit større fokus på dette, vil kunne vere eit bidrag til matprodusentar i nærområdet, og i tillegg bidra til redusert transport.

Mykje kritikk

Tidlegare har Stavanger kommune blitt kritisert for å unngå både kjøt og fisk i skulematen som produserast til ordninga for gratis skulemat i kommunen.

– For meg handlar dette om at me ikkje skal godta at ungane våre blir lært opp til matvanar me sjølv ikkje står bak, seier Yvonne Aartun som ønskjer både kortreist kjøtt og fisk i skolematen.

– Bønner og linser kan brukast iblant, men ikkje kutt kjøtt og fisk i ein kommune der det produserast nettopp det, og der foreldra er tilknytt akkurat desse produksjonane.

Tida vil vise kva kommunedirektøren finn ut at det er mogleg å få til, og om dette vil innebere at blant anna skulebarna vil få kjøt og fisk som ein følgje av dette.

Øyposten følgjer saka vidare.

Mykje logistikk

Eirik Faret Sakariassen frå Sosialistisk Venstreparti har fortalt Øyposten om sine opplevingar etter å ha hospitert på det sentrale skulekjøkkenet i tre dagar.

– Dei nyttar mykje lokal mat, i hovudsak grønsaker, når dei lager mat til skulebarna. Det er ein enorm jobb dei gjer, mykje logistikk og dei som arbeidar på skulekjøkkenet har stor kompetanse på å jobbe med mat, fortalde han.

– Det er mange omsyn å ta, og eg opplever det som at dei greier å famne om dei fleste ved å tilby denne maten. Det er god, sunn mat, og det er berre ein dag i veka det er tilbod om varm mat. Han presiserer at det ikkje er ein fullverdig middag dei skal få, men eit godt lunsjmåltid. Når ein skal sende ut 27000 måltid, er det viktig at ein tilbyr noko som alle kan ete. Kjøt og fisk får dei til brødmåltida.