– Dette er ikkje det me blei lova
I eit brev til foreldra, informerer skulekjøkkenet i Stavanger om kva dei vil servere barna som skal få gratis skulemåltid. Dette har det kome reaksjonar på.
Yvonne Heus Aartun er gift med ein bonde, og mor til eit barn på Finnøy skule. Ho reagerer sterkt på at skulekjøkkenet ikkje vil servere kjøt, fisk eller skaldyr.
– Her bur me i matfylket Rogaland, har bønder på alle kantar og me blir lova at maten vil vere basert på kortreiste, lokale råvarer.
Ho viser til vedtaket gjort i Formannsskapet i Stavanger i vår, der det blei vedtatt at også elevar ved Finnøy skule skulle få skulemat. I saksprotokollen står det:
Formannskapet er opptatt av at grønsaker, kjøtt, fisk og andre råvarer som er basisvarer til skolemåltidet i størst mogleg grad er lokalproduserte/ norske matvarer.
– Så får me ein e-post som seier at dei kjem til å få mat utan kjøt og fisk. Dette er jo ikkje det me blei lova, seier Aartun. Ho har fleire foreldre med seg når ho fortel at ho ikkje er nøgd med dette tilbodet.
Ulike meiningar
Øyposten møtte ei gruppe foreldre ved Finnøy skule, for å høyre kva dei tenkte om mattilbodet no, når dei har fått presisert kva barna skal få til mat.
– Det må jo prøvast ut før me klager, seier Katrine Kindingstad.
– Så kan me heller evaluere etter kvart.
Ein far som ønskjer å vere anonym, meiner at normal, variert mat ville vore det beste, men han har ikkje sterke meiningar kring dette.
Renate Bokn er meir opptatt av rammene rundt måltidet.
– Eg vil at måltidet skal vere skjermfri tid. Dei bør heller prate saman når dei et. Det er det viktigaste for meg, seier ho. Men ho legg til at ho ikkje forstår kvifor dei ikkje kan tilby fisk eller kylling av og til.
Dei fleste har lagt merke til at kommunen legg vekt på ultraprosessert mat, og dette meiner foreldra er bra.
Konsistens
– Kvifor må maten vere most? lurar spesialpedagog Marita Handeland Molven.
– Ikkje alle vil godta at ingrediensane er gøymt inni ein grateng. Dessutan er det god læring i å sjå skilnaden på ulik mat, til dømes i grønnsaksutvalet. Slik kan barna lære at slik smaker blomkål og dette er selleri. Mat handlar om opplevingar. Smakar, fargar og lukter, som ein fort mister når maten blir most.
I brevet skriv skulekjøkkenet at dette er noko dei gjer for å lage ein konsistens og tekstur som er lettare å akseptere for skulebarna, men dette meiner Molven blir feil fokus.
Ho synest ikkje at det er eit problem viss eit barn plukkar vekk det dei ikkje vil ha.
– Då finn dei kanskje noko anna dei likar. Slik det skildrast no, vil dei ikkje ha den moglegheita fordi alt blandast saman.
Vil ha skulemat
Alle Øyposten har snakka med i denne saka, meiner at det er bra at dei skal få eit tilbod om skulemat. Ikkje alle er nøgde med at maten skal vere basert på linser og bønner.
– Er dette kortreiste linser? spør Aartun. Ho kjenner ingen lokale bønder som dyrkar linser på garden sin.
– Hadde dette vore av og til, hadde eg ikkje reagert. Det er det at maten skal vere utan kjøt, fisk og skaldyr som er det store problemet her. Dette går direkte mot vedtaket som seier at ungane skal få kortreist, norsk mat. Ein kan ikkje alltid leggje til rette for absolutt alle livssyn og meiningar. Då er det betre å variere, sånn at alle kan finne noko dei vil ha.
Øyposten freista å få tak i nokon med ansvaret for skulematen for at dei skulle få moglegheita til å uttale seg i saka, men fredag ettermiddag har dei enno ikkje kome med tilsvar.