Edvin Halsne er eitt av kring elleve medlemer i Arbeidslaget for Øyfast. Foto: Silje Talgø Klakegg

Arbeidslaget startar møteserien om Øyfast måndag 23. oktober i grendahuset på Halsnøy.

– I sommar fekk me ein del nye reknestykke, og me har prata med mange politikarar, seier Edvin Halsne i Arbeidslaget for Øyfast:

– I staden for å ta det ein til ein på butikken, held me fire opne møte der me orienterer grundig om kva som er gjort, kva som er status og om vegen vidare.

Eit viktig grunnlag er ferske kalkylar frå pensjonert sjefingeniør Bjørn Alsaker i Statens vegvesen, som Øyposten omtala tidlegare i haust. Elles har det som kjent vore eit politisk skifte i Stavanger kommune sidan sist.

– I det nye fleirtalet seier alle partia utanom Venstre at dei er positive til å greie ut Øyfast, så me har godt håp om å få til det, seier Halsne.

Etter møtet på Halsnøy blir det eit tilsvarande møte på eldresenteret på Aubø i Sjernarøyane torsdag 26. oktober. Så følgjer Ombo og Fogn, men datoane der er ennå ikkje banka.

I Arbeidslaget for Øyfast sit kring elleve personar som brenn etter å få fleire bruer, tunnelar og eventuelt kabelferjer for å sikre livsgrunnlaget på dei i dag ikkje landfaste øyane i Finnøy kommunedel. I møteserien er det folk frå arbeidslaget som vil ta seg av presentasjonane.