– Øyfast kjem til å betale seg sjølv

Han er lei av politikarar som seier nei til Øyfast utan at dei har sett seg skikkeleg inn i saka.

Edvin Halsne har kjøpt hus på Halsnøy. Kanskje går han mot straumen og flytter til Halsnøy etter kvart, men folketalsutviklinga på øya er negativ. Øyfast vil hjelpe å snu denne utviklinga, men øybuarane treng støtte frå både kommune og fylke for å få dette til.
Publisert:

– Sjølvsagt vil eg aldri stemme på et parti som avviser Øyfast utan å ha eit skikkeleg kunnskapsgrunnlag om økonomien og konsekvensar av prosjektet.

Edvin Halsne trefte Øyposten på Halsnøy, og fekk fortelje om utgreiingane som er utført i samband med ønskja fastlandsforbinding av fleire øyar i Finnøy kommunedel.

– Det er eit kostbart prosjekt. Det er det ingen tvil om. Men langsiktig vil det lønne seg. Reknestykket har me fått utført av Bjørn Alsaker som er utdanna ingeniør, og som har arbeidd med vegutgreiingar i Statens vegvesen. Han kan faget sitt, og utrekninga visar at samfunnet kan spare mykje pengar på å byggje Øyfast.

– Enkelt forklart, seier han.

– Prosjektet betaler seg sjølv.

Kostnadar i dag

Halsne visar til kva det kostar å drifte sambandet i Finnøy i dag.

– 100 millionar kroner i året. Det kjem ikkje til å bli billigare i framtida. Når me ikkje lenger er avhengig av ferja, kan me få ferjeavløysingsmidlar i 45 år. Med prisjusteringa på 2,5 prosent i året og litt innsparing på Ryfylkeferja, endar reknestykket på 6,9 milliardar kroner. Her ligg også kostnadane til vidare vedlikehald av tunnel og bruer inne. Eit fullskala Øyfast med alle øyane landfaste, vil koste om lag 6 milliardar kroner. Ønskjer verkeleg ikkje Rogaland Fylkeskommune å spare dei pengane i framtida?

Anboda på hurtigbåtane blir dyrare, drift og elektrifisering av ferjene kostar.

– Kvifor kan dei ikkje heller nytte dei pengane til å bygge fastlandsforbindinga som de som bur på øyene ønskjer seg?

Han legg til at det også finst moglegheiter for å halvere kostnadane i prosjektet dersom ein berre går for delar av det, og byter ut andre strekningar med kabelferjer. Alle vil få det litt betre då, sjølv om det beste for alle, sjølvsagt ville vere om alle fekk bli landfaste.

– Det er så mykje snakk om desse inngrepa i naturen. Me kjem alltid til å gjere inngrep i naturen, og her har me ikkje konsekvensutgreidd det skikkeleg før mange seier nei. Eg hadde håpa at dei ville vente med å seie nei til dei i alle fall hadde latt fagfolk sjå korleis dette vil påverke naturen på øyane.

Det var ein fin dag å vente på ferje då Øyposten vitja Halsnøy. Måtte vente ein time. Det måtte òg fire andre bilar frå ulike delar av næringslivet i øyane. Ferja går når den går. Med fastlandsforbindelse kunne ein køyrt vidare til neste oppgåve. Det kunne til dømes ikkje søppelbilen.

Ikkje gjennomtenkt

Halsne fortel at han trur at «Nei til Øyfast» er ein prinsippsak for mange, og ikkje spesielt gjennomtenkt.

– Nokre parti seier nei til alle prosjekt som vil føre til auka biltrafikk. Eg kan ikkje sjå korleis me på øyane skal klare å bruke bilane meir enn i dag. Me må køyre der me skal, for dei fleste har eit godt stykke veg til kaien allereie i dag.

Han legg til at det er viktig for fleire grupper av busetting på øyane.

– Hadde me vore landfaste, hadde det i det minste skapt eit betre grunnlag for bussruter i øyane. Båtane kjem ikkje inn på tunet til folk. Med Øyfast vil fleire eldre kunne bu heime. Det blir enklare for heimetenesta å rekke over alle som skal ha hjelp. Og ungdom ville hatt kortare veg til eit større miljø på Finnøy.

– Me har allereie mista skulen på Halsnøy, seier Halsne.

– Butikkane mistar livsgrunnlaget sitt når øyane avfolkast, og det er jo det som skjer i dag. Dei fleste øyane går ned i folketal, og kanskje dette er ein ønskja politikk frå dei som vil at alle skal bu i byane, men no skryter Stavanger kommune på seg at dei er blitt store på både landbruk og havbruk, så eg trur ikkje dei vil tene på å byggje ned bygdene. Det er det dei passivt gjer når dei ikkje arbeidar for å får realisert dette viktige prosjektet.

Publisert: