Jan Terje Vignes tok imot prisen frå ordførar Kari Nessa Nordtun. Foto: Stavanger kommune

Prisen skal gå til nokon som har gjort ein spesielt stor innsats for omgjevnadane ved å bevare eller forbetre natur og miljø i sitt nærområde. Tiltak som har ein overføringsverdi, og er eit resultat av godt internt eller eksternt samarbeid, blir prioritert.

Lauvsnes Gartneri vann prisen fordi dei produserer tomatar fossilfritt. Dei nyttar CO₂ som dei hentar frå uteluft til å gjødsle plantene, og bruker difor mindre energi til å produsere fleire tomatar på same areal.

Kari Nessa Nordtun delte ut prisen under Grønn Frokost på onsdag. Prisen blei delt ut for fjerde gang.

Prisvinnaren sjølv er svært nøgd med å bli den utvalde til årets klima- og miljøpris.

– Dette var veldig kjekt, seier Vignes til Øyposten.

– Eg synest det er bra at dei inne i byen klarer å sjå landbruket som ein del av løysinga på det grøne skiftet. Me har jo arbeidd lenge med å få til meir miljøvenleg produksjon av tomatane, og det er flott at det blir lagt merke til.

Prisen består av 50000 kroner og eit diplom.

Vignes har tidlegare vunne fleire prisar, blant anna Gladmatstipendet tidlegare i år.

Øyposten gratulerer!