Ein delegasjon frå Kristeleg Folkeparti var til stades på Judaberg for å sjå på stadane der mange har uttrykt ønskje om sikringstiltak på fylkesvegen. Foto: Silje Talgø Klakegg

Ho hadde følgje av Henrik Halleland, som er førstekandidat for Stavanger KrF.

Først gjekk turen til Lauvsnesvegen, der ho fekk sjå kor ungane gjekk mellom Judaberg sentrum og fleirbrukshallen. Ho var ikkje imponert over trafikktryggleiken i området.

– Det er så mykje trafikk, seier ho, medan bilar og bussar køyrer opp og ned bakken, og mjuke trafikantar er på veg til skulen.

– Det er ikkje tvil om at det er mykje trafikk i området no om morgonen.

Henrik Halleland påpeiker at dette har vore arbeidd med lenge, men at fylket skuldar på at kommunen må ta tak, og kommunen meiner det er fylket, som er vegeigar, som har ansvar.

– Då skjer det ingenting, og tida går medan trafikksikringa blir borte, seier han.

– Her har me forslått å leggje ein gangsti på marka langs fylkesvegen, men me har ikkje fått gjennomslag for det. Det er difor eg ville vise dette området til toppkandidaten vår i fylket.

Bruns er einig i at noko må gjerast, og ho lovar å sjå på saka. Ho seier og at ho vil melde ifrå til samferdselsutvalet om problema på fylkesvegen.

Alternativ veg

Det er laga sti forbi Ottohuset som ungane kan nytte for å gå tryggare, men i praksis er det ikkje alle som nyttar den.

– Då er det ikkje eit godt nok tiltak, meiner Halleland.

Sikringstiltaka, meiner han, må liggje der folk naturleg vil gå.

– Her er det ikkje vanskeleg å finne gode tiltak som vil virke betre, men då må fylket og kommunen snakke saman og bestemme seg for å finne ei løysing. Problema med denne vegen vil vere reelle medan bygginga av sjukeheimen går føre seg, og det er i lang tid framover.

Synfaring ved Fåhagen

Vidare gjekk turen opp til Fåhagen, der Øyposten tidlegare har skrive at foreldre fryktar at liv vil gå tapt før fylket ser at noko må gjerast i området.

– Her burde det vore sett inn strakstiltak, seier Halleland. Kryssinga ved Kiwi er svært uoversiktleg, og kryssinga ved innkøyringa til Fåhagen kjem brått på.

– Eg hadde nok aldri latt seksåringen gå utan følgje på denne skulevegen, seier Bruns.

Biletet visar det barna kan sjå til venstre i det dei skal krysse fylkesvegen ved utkøyring frå Fåhagen. Det er ønskja opphøgd fotgjengarovergang her, for å bremse farten til bilane og gi fotgjengarar moglegheita til å krysse tryggare i periodar der det er mykje trafikk. Henrik Halleland meiner at det også er regulert til fortau mellom denne staden og Kiwi. Foto: Silje Talgø Klakegg

Svar frå fylkeskommunen

Rådgivar i Rogaland fylkeskommune, Hannah Orstad Johnsen, seier at dei ikkje vil ha sikringstiltak i området fordi det er eit lågt tal på årsdøgntrafikk, og fordi området rundt Kiwi ber preg av spreidd busetnad.

– Sjølv med eit gangfelt i området, ville ein nok opplevd at mjuke trafikantar kryssar der det passar dei, seier Johnsen til Øyposten.

– Kombinert med at trafikken er såpass låg at vegen ikkje opplevast som ei barriere for kryssing, vil me ikkje anbefale gangfelt her.

Ho peiker på at fleire blir påkøyrd innan femti meter frå eit gangfelt fordi bilistane forventar at folk kryssar i gangfeltet, og dermed overser dei fotgjengarar som går utanom.

– Folk som bur i Fåhagen vil aldri gå til Utsynvegen for å krysse vegen, seier ho, og legg til at den spreidde busetnaden gjer det vanskeleg å kanalisere kryssing av vegen med eit gangfelt.

Her meiner Rogaland fylkeskommune at fotgjengarar kryssar vegen over alt. Linn Kristin Flesjå Johansen meiner at dei tar feil, for det er berre to stader nord for Kiwi det er naturleg å krysse, og det er dei stadane der rekkverket har opning, i hjørnet av parkeringsplassen ved Kiwi og ved innkøyringa til Fåhagen. Foto: Silje Talgø Klakegg

Ikkje einig

Linn Kristin Flesjå-Johansen som bur i Fåhagen, er ueinig i den vurderinga.

– Det er to stader dei kryssar. Den eine staden er ved utkøyringa frå Fåhagen og den andre er ved Kiwi. Viss rekkverket ved Kiwi hadde vore tetta igjen og det hadde gått eit fortau frå Kiwi til utkøyringa frå Fåhagen, hadde ungane gått der for å krysse vegen.

– Dette fortauet ligg allereie inne i reguleringsplanane, seier Halleland. Han veit ikkje kvifor arbeidet har stoppa med reguleringsplanane, for det er ingen tvil om at dette er ein farleg stad å krysse vegen.

– Me har ingen ungar å miste, seier Linn Kristin Flesjå-Johansen.

– Dette har me arbeidd med i ti år, men ingen tar tak. Må det skje ei ulukke før dei vil sikre området?

Ho peikar på at trafikken er annleis på Finnøy enn inne i byen.

– Her nyttar det ikkje å sjå på ÅDT. Om den ser låg ut, er det likevel misvisande, for i periodar kan det vere lite trafikk, medan det andre gonger er veldig mykje. Til dømes i dei tidsromma der ungane går til skulen og folk skal på jobb, og når ferjene kjem og går. Det er typisk at alt dette skjer samstundes. Det er mange eldre som bur i Fåhagen som ikkje berre kan springe raskt over når det kjem ei tidsluke i desse periodane. Dette er farleg, og det er heilt utruleg at fylkeskommunen ikkje ser dette, seier ho.

– Heldigvis har ordførar Kari Nessa Nordtun lova meg å ta tak i saka.

Ved Kiwi kryssar mange fotgjengarar. Kjem du frå sykkelstien, er du nesten midt i vegen før du får sjå om nokon kjem køyrande rundt svingen. Linn Kristin Flesjå Johansen spør fylket om dei synest dette høyrest trygt ut for eldre og barn som skal krysse for å kome til butikken. Foto: Silje Talgø Klakegg

Samstundes undrar ho på kva tal den same fylkeskommunen har lagt til grunn når dei har plassert to opphøgde gangfelt ved Nesagjerdet og samstundes meiner at det ikkje er grunnlag for dette ved Fåhagen.

– Mesteparten av trafikken som køyrer opp den vegen, har først passert Fåhagen. Fartsgrensa er lik. Men trafikken som skal til Judaberg sentrum og ferjekaien køyrer forbi oss og skal ikkje vidare opp mot Nesagjerdet. Kvifor er det rekna som mindre trygt å kryssa den same vegen der det er mindre trafikk? spør ho.

Nesten påkøyrd

Cindy Falkeid bur også i nabolaget, og ho fortel om ei nestenulukke som hendte for ei stund sidan.

– Sonen min, Milian, skulle krysse vegen, og det var ein bil som stoppa for å sleppe han over. Bilen som kom bak, ville køyre forbi, la seg ut og auka farten. Han heldt på å meie ned Milian, men bråbremsa og det gjekk heldigvis bra. Men her ser du kor fort det kan skje noko på staden. Hadde det vore eit gangfelt her, hadde nok personen i bilen bak, hatt ei forventning om at det var ein fotgjengar som skulle krysse, og då ville han nok ikkje prøvd å køyre forbi.

Ho påpeiker at det skjer nestenulukker som ikkje blir registrert, så det kan vere mange andre hendingar som den sonen hennar opplevde. At nokon sit på eit kontor inne i byen og ser på tala for gjennomsnittstrafikk og seier at her seier statistikken at dei er trygge, er ikkje godt nok.

– Me har sagt ifrå så lenge. Noko må gjerast no, seier ho bestemt.

Kart som viser staden der innbyggjarar ønskjer trafikksikringstiltak: