Vienna Eloise Falkeid og Alea Sandvik synest at bilane køyrer veldig fort når dei skal krysse vegen og gå til skulen. Foto: Silje Talgø Klakegg

Ann Helen Sandvik er leiar i Fåhagen Velforeining og mor til ei jente i første klasse på Finnøy skule. I velforeininga er det semje om at skulevegen for barna i byggefeltet er utrygg. Dei har arbeida i fleire år med å få fylkeskommunen til å lage ei løysing som gjer vegen tryggare og enklare å krysse for barn ned i seksårsalderen som skal gå til skulen.

I dag kryssar ungane vegen på ulike punkter på strekninga. Nokon kryssar vegen ved Kiwi, medan andre kryssar ved utkøyringa frå Fåhagen.

– Den første gangen eg finn saka nemnd i referata frå velforeininga, er i 2014. Då er det notert at den gong Finnøy kommune hadde lova å få strekninga inn i planlegging for trafikksikringstiltak, seier Sandvik. Ho understrekar at dette også handlar om framkomst.

– Alea kan til tider bli ståande lenge før det ikkje kjem bilar og ho kan gå over.

Ikkje skjedd noko

Sandvik er ikkje nøgd med svara ho får frå fylkeskommunen. At dei ikkje vil sjå på saka på nytt, handlar om at dei ikkje tar foreldra sine synspunkt på alvor, meiner Sandvik.

– Me er ikkje mindre bekymra i dag enn det me var for ti år sidan, fortel ho. Ho legg til at trafikken aukar. Det ser ho på trafikkdata som samlar inn tal på antal køyretøy som passerer målepunkt på Kvamme. Årsdøgntrafikk ligg på om lag 2500 bilar. Dei fleste av desse bilane vil køyre forbi Kiwi og staden der skuleungane kryssar fylkesvegen.

Fekk avslag

– Me fekk blankt avslag på søknaden i mars 2023, og dei visar til at kriterium for etablering av gangfelt ikkje er innfridd. Eg trur ikkje at dei som har sett på saka har vore til stades i området på dei travlaste tidspunkta når barn går til og frå skulen, seier ho. Ho legg til at ho aldri fekk informasjon om kva tal dei la til grunn for avslaget.

– Fartsgrensa er 50 kilometer i timen. Men ferjekaia ligg ikkje langt unna, og mange køyrer for fort når dei skal rekke ei ferje. Det er lastebilar som har det travelt, og desse kjem somme tider veldig raskt. Det er dårleg sikt frå venstre når ein kjem ut frå Fåhagen. I blant står det lastebilar eller traktorar i busslomma ved utkøyringa og då blir det enda dårlegare sikt.

Kriterier til grunn

«Fartsnivå, trafikkmengd (ÅDT) og antal kryssende mjuke trafikantar i makstimen skal ligge til grunn for denne vurderinga», står det i Vegvesenet si eiga handbok for etablering av gangfelt.

– Det er ingenting her som fortel ein bilist i området at det kan kome små barn som skal krysse vegen for å gå til skulen. Ikkje alle bilistar er lokalkjende. Eg er redd det må skje ei ulykke før fylket går med på å gjere skulevegen tryggare for barna våre, seier Sandvik.

Øyposten har bedt Rogaland Fylkeskommune om innsikt i tala som blei lagt til grunn då dei valde å avslå søknaden om fotgjengarovergang, og kva tid målingane blei gjort, og fylket har lova at desse tala kjem snart. Dessverre var dei ikkje Øyposten i hende tidsnok til at artikkelen skulle publiserast.

Opphøgt gangfelt

Jonas Jørstad bur også i nabolaget, og han seier at dette har vore ein sak dei har diskutert i mange år.

– Viss det skal vere fotgjengarovergang, så bør den vere opphøgd og tydeleg merka. Elles fryktar eg det kan bli farleg på grunn av uoversiktleg bakketopp for trafikken som kjem frå Judaberg, meiner Jørstad.

Sandvik er einig i at det skal vere opphøgd gangfelt.

– Me må bremse farten til bilistane som køyrer her. Det er direkte farleg slik det er no.

Ho viser til at Nesagjerdet har fått heile to opphøgde gangfelt i 50-sona ved kryssing av den same fylkesvegen. Her kryssar også mange skulebarn.

– Ein seksåring kan du ikkje stole på i trafikken, seier Sandvik.

– Dei høyrer ein bil, men veit ikkje kva retning bilen kjem frå. Då blir dei redde for å krysse vegen.

Kart som viser kor mange barn kryssar fylkesvegen for å kome til Finnøy skule: