Eg las oppslaget om at Norled pressar vekk reinhaldarar med blanda følelser.

Ut frå min eigen politiske ståstad er det naturleg å seia at Norled gjer det rette når dei seier opp dei to reinhaldarane. Det må vera opp til firmaet å ta avgjerda om kven dei treng i firmaet og kven dei ikkje treng og om delar av verksemda eventuelt skal skiljast ut. Me må òg hugsa at mange verksemder nå er hardt pressa økonomisk grunna det grøne skiftet, og kanskje særleg dei som driv fergene våre.

Likevel, midt mellom dei harde realitetene, må me ikkje gløyma at dette dreier seg om våre medmennesker og sambygdingar. Slik denne saka står fram i siste nummer av Øyposten, verkar heile opplegget til Norled svært stivbeint. Å setja folk som nærmar seg pensjonsalderen, kanskje førebels med ein avkorta pensjon, på gata er umenneskeleg.

Ei grei løysing på denne saka kunne vore at Norled let dei to kvinnene det gjeld, arbeida på ei av fergene fram til pensjonsalder, medan reingjeringa på dei andre fergene vert «outsourca». Då kunne dei to kvinnene sett alderdommen tryggare i møte og gått ut av arbeidslivet med hovudet heva.

Einar Egeland