Norleds båt Ombo legg til kai på Judaberg.

– Me fekk høyre at den jobben me har gjort på fire timar, måtte me gjere på to timar, fortel reinhaldar Gunvor Samuelsen frå Sjernarøy.

Ho og ein kollega, også ho frå øyane, har mista jobben frå 1. juni etter at fergeeigar Norled nyleg presenterte nye vilkår for å halde Finnøysambandets ferjer reine.

Dobbelt så raskt

Dei to reinhaldarane har i dag kvar si 80 prosent stilling. Dei jobbar annankvar veke, og har ein arbeidskvardag fordelt på fire timar reinhald på Ombo, altså ferga Ombo, og fire timar på Hidle.

– Me blei kalla inn til eit møte der me fekk høyre at me var blitt veldig dyre, fortel Samuelsen:

– Norled har gjort ein «virksomhetsoverdragelse», sa dei. Selskapet Fikse skal overta reinhaldet, og me kunne få jobb der.

Vilkåret i det nye selskapet var at dei måtte jobbe dobbelt så raskt, og dermed skøyte på med andre fergestrekningar for å halde stillingsbrøken oppe.

– Me nærmar oss pensjonsalder, og kroppen byrjar å bli utsliten. To år til så hadde eg hatt full sjømannspensjon, men dette blir for strevsamt. Frå 1. juni står eg utan arbeid.

Øyposten har òg prata med den andre reinhaldaren. Ho ynskjer ikkje å stå fram med namn. Ingen ynskjer å vere med på bilete.

Var sårbart

Annette Røberg, driftsleiar for Norleds ferger i Rogaland, stadfestar at det er nye tider.

– Leiinga i Norled har bestemt at me ikkje skal ha reinhaldarar tilsett i selskapet. Reinhald er ein teneste me skal kjøpe, sier Røberg:

– Dei to reinhaldarane i Finnøysambandet var dei to siste me hadde i heile rederiet. Me såg at det var sårbart ved sjukdom og fråver.

Nå skal Fikse Rengjøring AS fikse jobben.

– Me vant anbodet på å drive dei to ferjene i Finnøysambandet frå 1. januar 2021. Då var det meininga at me skulle kjøpe reinhaldtenester, men det har tatt litt tid. Nå er tida inne, seier Røberg.

Finnøysambandet er to bilferjer som kvar dag går mellom Fogn, Judaberg, Halsnøy, Eidssund (Ombo), Nord-Hidle og Helgøy.