Odd Karsten Tveit kjem til Finnøy bibliotek klokka 12 og Rennesøy bibliotek klokka 18 onsdag 14. februar. Foto: Sølvberget

Journalisten og forfattaren Odd Karsten Tveit kjem til begge biblioteka i øyane på onsdag for å fortelje om den nye boka si om konflikten mellom Israel og Palestina.

Bibliotekar Lars Tore Klepsvik informerer i dag om at det blir fullt hus begge stader. Alle billettane blei rivne vekk på kort tid, og det er no venteliste for dei som ønskjer å delta.

Billettane er gratis.

Boka «Palestina – Israels ran, vårt svik» er kanskje Odd Karsten Tveits hovudverk etter eit rikt reporter-liv, skriv Sølvberget om boka som blei gitt ut i 2023.

Vidare skriv dei: Ho er personleg og nådelaus i gjennomgangen av norsk og vestleg ettergiving i konflikten. Tveit tek oss med frå staten Israels skiping i 1948 og fram til i dag.

Boka byr på nye avsløringar etter at Tveit har intervjua forskarar og journalistar. Nokre av intervjuobjekta er frå Israel.

Tveit har vore utanrikskorrespondent for NRK, og har blant anna budd i Jerusalem, Beirut, Kairo og Amman. Sidan 1978 har han hatt Midtausten som sitt interessefelt og faglitterære fokus. Han har skrive mange bøker om tematikken, og boka han skal fortelje om på bokpratane i øyane, er den siste han gav ut.

Tveit er opphavleg frå Stavanger.