Odd Karsten Tveit kjem til biblioteka for å fortelje om den nyaste boka si. Foto: Sølvberget

Bokpratane vil finne stad onsdag 14. februar. Først kjem han til Finnøy bibliotek på formiddagen, og på ettermiddagen vil han kome til Rennesøy bibliotek, der han vil halde foredrag i Storsalen.

Boka «Palestina – Israels ran, vårt svik» er kanskje Odd Karsten Tveits hovudverk etter eit rikt reporter-liv, skriv Sølvberget om boka som blei gitt ut i 2023.

Vidare skriv dei: ho er personleg og nådelaus i gjennomgangen av norsk og vestleg ettergiving i konflikten. Tveit tek oss med frå staten Israels skiping i 1948 og fram til i dag.

Boka byr på nye avsløringar etter at Tveit har intervjua forskarar og journalistar. Nokre av intervjuobjekta er frå Israel.

Tveit har vore utanrikskorrespondent for NRK, og har blant anna budd i Jerusalem, Beirut, Kairo og Amman. Sidan 1978 har han hatt Midtausten som sitt interessefelt og faglitterære fokus. Han har skrive mange bøker om tematikken, og boka han skal fortelje om på bokpratane i øyane, er den siste han gav ut.