– Eg ventar at det kjem mellom 350 og 400. Alle som vil må berre kome, seier Arne Nordbø til Øyposten onsdag klokka 15.30.

Klokka 18.00 startar programmet for det Nordbø kallar ei heilt open 60-årsfeiring.

– Programmet startar med foredrag av Tania Michelet. Så blir det servert lapskaus, kaffi og noko søtt. Seinare på kvelden blir det konsert, seier han.

For å ikkje skape for store forventningar om maten skriv han dette:

«Menneske lever ikkje av mat og åleine. Derfor vil ikkje det gastronomiske stå i fokus denne kvelden. Men me må få til å dekke kaloribehovet i alle fall.»

Den 17. juli runda den kjende kulturformidlaren 60 år, og han ville bruke høvet til å lage eit arrangement for Finnøy. Han har invitert heile øysamfunnet via Facebook og har bede folk klikke «om du kjem, om du kanskje kjem, eller om du er interessert», som det heiter.

I skrivande stund har 242 personar klikka at dei «skal» medan 224 har klikka «interessert».

– Me er spente, seier Nordbø.

Litt over klokka 20 i kveld går han på scenen med vokalist Synnøve Aanensen og kyrkjebandet på Rennesøy. Dei vil framføre eit musikalsk og verbalt program som dei seinare planlegg å reise rundt med.