Øver til open bursdagsfeiring

Arne Nordbø er i gong med å spikre programmet til sitt eige 60-årslag.

Arne Nordbø har fått med seg vokalist Synnøve Aanensen frå Karmøy og kyrkjebandet i Hausken kyrkje på Rennesøy.
Publisert:

Underhaldar og kulturformidlar Arne Nordbø har invitert alle som vil til eit ope arrangement i fleirbrukshallen på Judaberg onsdag 6. september. Høvet er at Nordbø den 17. juli runda 60 år, og at han lenge har drøymt å få til noko på Finnøy.

– Responsen har vore langt over det eg våga å håpe på. Eg er nokså sikker på at det minst vil kome 150, seier Nordbø:

– Skulle det ta heilt av er det plass til 600. Ingen treng vere redde for at dei står i vegen for nokon.

Serveringa blir ein einauses rett, som Nordbø kallar det, lapskaus eller gryterett eller noko. Sidan ramma er eit 60-årslag blir det gratis inngang, men folk vil få høve til å vippse ei gåve, som blant anna vil gå til eit hjelpeprosjekt i Kenya som heiter «Window of hope».

Programmet er 60-årsjubilanten i full gang med å øve inn, og Øyposten var nyleg innom ei øving i Hausken kyrkje på Rennesøy. Nordbø har fått med seg vokalist Synnøve Aanensen frå Karmøy, som er eit kjent namn i det kristne musikkmiljøet i Norge. Til å backe seg har dei kyrkjebandet på Rennesøy.

– Me øver inn eit program som me kanskje kan reise rundt med etter 60-årsfeiringa, seier Norbø:

– Det blir ei blanding av musikk og historier, der me ønskjer å formidle noko ærleg og sant om livet.

Under den opne bursdagsfeiringa i fleirbrukshallen 6. september skal òg Tania Michelet halde foredrag, går det fram av programmet som er lagt ut på Facebook.

Med i kyrkjebandet er blant anna sløydlærar Hans Martin Stølen, som har laga instrumenta sine sjølv.
Publisert: