Kjell Emil Berge og resten av poptrioen Gilberdal inviterer til julekonsert på laurdag. Foto: Simen Ingemundsen

Vil du sikre deg billett, bør du skunde deg, melder bandet.

– Vi ønsker at alle som kjem skal kunne sjå og høyre greitt, derfor har vi stoppet på 600 gjester, og det er ikkje mange billettar igjen før det er utseld.

Mange ønskjer å sjå konserten med bandet som består av Kjell Emil Berge frå Finnøy, Øystein Gilje frå Ålgård og Tor Kjetil Espedal frå Randaberg.

Siste julekonsert i år

– Det blir berre denne eine moglegheita til å oppleve julekonsert med Gilberdal i 2023, står det å lese på facebooksida til bandet.

– Saman med de rutinerte lokale musikerne Bjarte Mo (fiolin), Alexander Flotve (gitarer) og Thomas Engebretsen (bass) vil trioen frå Rogaland sørge for at julefreden senkar seg når de tar over St. Petri kyrkje med både nyskriven julemusikk og kjente songar i eigne vakre arrangement.

Mange får øyane

Bandet gler seg til å spele årets julekonsert.

– Det ryktes at det ventast godt oppmøte frå øyane. Vi synest det er veldig stas at vår draum om å fylle Petri før jul går i oppfyllelse, skriv dei i ein melding til Øyposten.

Bandet fylte for ei stund sidan foajeen i Stavanger konserthus saman med Stavanger symfoniorkester. Dei har og nylig gitt ut ein eigen versjon av Nordnorsk julesalme.

Dei har ligge 4 veker på P1-lista med låta Julefred, og dermed vil songen spelast på radioen fram mot jul.