Gilberdal har nådd P1-lista

Kvar veke går NRK sine musikkprodusentar og lokale musikkontaktar gjennom musikk som vurderast inn på listene over musikk som skal spelast på radioen. No finn du ein finnøybu på lista.

Kjell Emil Berge er busett på Finnøy og speler i bandet Gilberdal saman med Øystein Gilje og Tor Kjetil Espedal.
Publisert: Publisert:

Gilberdal, som består av ein tredjedel finnøybu, ligg på tredjeplass på lista, med songen Julefred.

– Me er i sjokk, skriv bandet på facebook-sida si.

– Det er et trongt nålauge, og vanvitig stas for oss, produsent og ikkje minst låtskriverne å hamne der, skriv dei vidare.

Å hamne på den lista, betyr at songen vil spelast på radioen over heile landet fram mot jul.

Øyposten gratulerer.

Publisert: