Denne krabaten er kanskje ein av dei du kan treffe på biblioteka i vinterferien. Foto: Sølvberget

Synest du slangar er kule, ekle eller litt skumle? Dei kjem i alle fall både til Finnøy og Rennesøy bibliotek i vinterferien. Passar frå 4 år og oppover. Gratisbillettar kan hentast på linticket.no.

Om «Slangane si verd» skriv Sølvberget: «Lurar du på korleis ein slange kan ete stor mat? Eller kor store dei blir? Bli med Bjørn Ormstad inn i verda til slangane. Det vil òg vere mogleg å helsa på levande dyr». Dette skjer laurdag 2. mars.

Film på biblioteka

Finnøy bibliotek syner film tysdag-fredag på ulike tidspunkt. For heile oversikta kan du sjå på Sølvberget sine nettsider.

Rennesøy syner også film. Oversikta kan du finne her.

Bassenga er opne

Vil du ta deg ein innandørs svømmetur, vil bassenga i bydelane vere opne i løpet av ferien. Oversikta over kva tid og kor, finn du på Stavanger kommune sine nettsider. Finnøy sitt basseng vil vere opent på måndag og laurdag i vinterferien. Rennesøy basseng held opent onsdag, fredag og søndag.

Elles er sjøen alltid her. Der kan du også bade.

Turområda er sjølvsagt også opne. Er du ikkje med i toppturkonkurransen som blir arrangert av frivilligsentralane? Då kan du laste ned trimpoengappen og bruke vinterferien på å sanke poeng.

Det skal ifølgje yr.no regne litt innimellom, men flaks at me er vasstette. Foto: Skjermbilete frå yr.no

Elles er det mykje å finne på på musea i Stavanger, viss du har lyst til å turen dit. Oversikta over aktivitetar i byen, finn du på denne nettsida.