Starter samarbeid mellom Mastra og Finnøy idrettslag

No har idrettslaga på Finnøy og Rennesøy lyst ut ei eiga stilling for å få gang på eit nytt samarbeid. Håpet er blant anna å få dei lokale turnlaga med på konkurransar.

  • Iris Elin Ullvang
Publisert: Publisert:
I full sving med turn hos Mastra IL.

RENNESØY/FINNØY:

Mastra og Finnøy idrettslag planlegger å styrke begge klubbane si turnavdeling. Det vil dei blant anna gjera med å delta på turnkonkurranser, for dei utøvarane som ønskjer det.,

Difor søker no idrettslaga saman etter ein trener som skal ha ansvar for «konkurransepartiet». Ansvaret vil innebære blant anna å trene, og følge, turnarane til konkurranser og samlingar, samt bidra på klubbens eigne arrangement.

Ressurser i øydistriktet

Anne Lise Doran som er SU-leiar for turn hos Mastra IL, seier ho ser fram til eit samarbeid med idrettslaget på Finnøy.

Arkivfoto. Anne Lise Doran i Mastra IL turn.

– Me er alle sammen veldig dedikert til å tilby eit turntilbod på øyane. Når du bur i eit øydistrikt er det viktig å dra på ressursane ein har å spilla på, og dei flinke folka me har. Me er to små turnlag, og me klarer meir saman enn me har gjort hittil åleine, seier ho.

Doran fortel at det per i dag er over 100 barn som er med på turn hos Mastra IL. Her er det flust av talent å satse på.

– Eg tenkjer dette samarbeidet er ein spanande muligheit til å fortsette å utvikle turntilbodet og utøvarane våre vidare. Den tidlegare turn-leiaren vår, Jana Holland, gjorde jo ein strålande jobb, så me vil bygge vidare på det. Og det gjer me med å blant anna satse på dette, fortel Doran.

https://www.oyposten.no/2021/09/26/satsar-pa-nytt-fotballag-for-kvinner/

Ope for alle

I dag har MIL turnarar frå 3-4 år, opp til 13 år. Medan FIL har utøvarar frå rundt 8 år til 14. Men det er ope for barn i alle aldrar.

Turnarane vel sjølv om dei vil vera med på eventuelle konkurransar i framtida, eller om dei vil fortsette med å berre vera med på øvingar. Dei treng heller ikkje vera eit «supertalent» for å bli med på konkurransane, men minstekravet vil mest sannsynleg vera at dei klarer enkelte øvelsar. Men kva krava blir, vil vera opp til den nye trenaren.

– Me vil satse på å lage eit tilbod som nyttar dei mest ivrige òg, slik at dei kan utvikle seg i heimklubben i stadet for å «måtte» byrja ein anna stad for å ta det vidare til neste nivå, seier ho.