På kort tid har både kommuneadministrasjonen og utearbeidarane ved NMT-etaten i kommunen snudd seg kjapt rundt, og oppgradert grunnforholda slik at ballbingen no framstår i ein langt betre forfatning.,Det er Finnøy Idrettslag som har seld overskotsrestar frå kunstgraset som nyleg vart lagt på Leikvoll til kommunen, og som dermed har gjort renoveringa mogeleg på så kort tid. Det er også dei tre anleggsarbeidarne som har gjennomført legginga av kunstgraset på Leikvol som har utført arbeidet i ballbingen.