Blei matchvinnar, scora hat-trick, blei utvist og førte Mastra til topps på tabellen

Det blei svært dramatisk då  Mastra og kampens store spelar, tremålsscorar Mats Marius Hagelund Ueland, i det 90. minutt scora seiersmålet i 3-2 kampen heime på Vikevåg mot Tasta seint torsdag kveld. For deretter på overtid å bli utvist i det 94. minutt.Då etter å ha pådratt seg det andre gule kortet for kvelden.

  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

RENNESØY/FINNØY

: Dermed førte han også laget til topps på tabellen i si pulje i 5.divisjon med 9 poeng, og full pott etter tre kampar. Nedsida er at laget då også må unnvære toppscorar Hagelund Ueland i toppkampen heime på Vikevåg mot Vardeneset 2 førstkomande mandag.,Mastra held med dette fram med si imponerande seiersrekke, der dei mellom anna tidlegare  har teke skalpen på både Randaberg 1 i OBOS-cup og Randaberg 2 i den forrige seriekampen.,

Nedtur for Finnøy

Alt låg også til rette for at rivalen på naboøya Finnøy også skulle ta ein ny trepoengar, då dei litt tidlegare på kvelden tok imot lågare plasserte Paradis heime på Leikvoll. Men laget som kun stiller med eit herrelag i seriesystemet ville det annleis, og tok like godt med seg alle tre poenga heim til Bekkefaret og SIF stadion som er deira heimebane. Men det var Finnøy som åpna kampen best, da talgjebuen Håkon Baustad Kavli førte leget opp i leiinga i det 26. min. Bortelaget slo raskt tilbake, og gjekk opp i ei 2-1 leiing etter scoringar i det 32. og 36. minutt.

I det 48. minutt var Paradis uheldig då ein av spelarane sette ballen i eige mål, og dermed brakte ny spenning inn i kampen. Likevel slo laget igjen tilbake, og i det 87. speleminutt scora bortelagets Dilovan Erman seiersmålet, og fastsette sluttresultatet til 3-2.Dermed kunne laget også inkassera sin første trepoengar for sesongen, og står nå med same poengsum som Finnøy.

Neste laurdag tek Finnøy turen ut i havgapet til Kvitsøy. Eit lag som så langt står med null poeng og ligg nederst på tabellen. Då bør laget reise kjerringa etter nedturen heime Leikvoll torsdag kveld.

Publisert: