Etter å ha slått Siddis 2 6-1 måndag, står Finnøy med sju sigrar på dei sju første kampane i serien. Det er ny rekord. Aldri før hatt ein sesongstart med sju strake sigrar. Den førre rekorden stammar frå 1999. Det hugsar Tor Øyvind Skeiseid godt.

- Då hadde me vunne seks kampar på rad, men tapte nummer sju 2-3 heime for Sveio. Den dag i dag lurar eg framleis på korleis me kunne tapa, seier han.

Det som var likskapstrekka frå den gong var at då òg var dei i 6. divisjon. Det året hadde dei ein strålande sesong, og rykka opp til 5. divisjon det året.

- Der var me i alle åra til eg la opp i 2011. Eg hugsar Rasmus Mjølsnes var trenar, og me hadde eit bra lag. To gonger heldt me på å rykka opp til 4. divisjon – i 2001 og 2002, seier han.

Det høyrer med til historia at då Sveio kom på besøk til Finnøy den gongen i 1999, hadde også dei raude drakter. Finnøy var greie, og lånte dei sine blå bortedrakter. Ein av Sveio-spelarane gløymde å leggja igjen drakta, men den kom heldigvis til rette igjen då dei møtte kvarandre på bortebane på hausten. Då fekk Finnøy sin revansj.

Les meir i fredagens papirutgåve.