Patrik (14) kjempar i toppen i Landsskytterstevnet
Eldre rekrutt Patrik Helle Avsnes ligg i delt leiing før fredagens finale i feltskyting under Landsskytterstevnet.
– Me har hatt eit flott landsstemne så langt, og det er nesten litt for spennande å følgje Patrik, seier Folke Helle.
Han er bestefar til Patrik, er sjølv skyttar og sit i styret til Finnøy skyttarlag.
Patrik Helle Avsnes skaut 30 treff, fullt hus, med 24 innertreff i den innleiande feltskytinga på Landsskytterstevnet. Det betyr at han ligg i delt leiing før finaleomgangen som går fredag klokka 12.
Etter innertreff har Patrik fått skive ti i finalen. Alle med 30 treff har like godt utgangspunkt for å vinne, så fredag kan alt skje. I finalen skal dei skyte tolv skot, og då er det truleg den med tolv treff og flest innetreff som kan kalle seg norgesmeister i feltskyting for eldre rekrutt.
Patrik gjorde det òg bra i baneskytinga, der han sette personleg rekord med 348 poeng. To skot var 9,9, som betyr at han var svært nær fullt hus. Sluttsummen ga ein 43.-plass i klassa som i alt hadde 278 deltakarar.
Sindre Flesjå i klasse 4 har òg gjort det bra på Voss og fått premiar i fleire øvingar.
Finnøy skyttarlag har med ni skyttarar på landsstemnet. Rennesøy skyttarlag har ikkje med skyttarar i år, etter det Øyposten kan sjå.