Pengedryss til idretten

Idretten i Stavanger har fått tildelt 12,9 millionar kroner i såkalla «LAM-midler» frå Kulturdepartementet. Ein betydeleg del av dette kjem også idretten i Finnøy og Rennesøy til gode.

I full sving med turn hos Mastra IL.
  • Jon Asgaut Flesjå
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

RENNESØY/FINNØY:

Dei lokale aktivitetsmidlene (LAM) kjem frå det årlege overskotet frå Norsk Tipping. Løyvinga i år er 48 millionar kroner høgare enn i 2020.I tillegg kjem ei ekstraløyving frå den nyleg avgåtte regjeringa på 50 millionar kroner i samband med gjenopninga av idretten i etter Covid 19.,

Mastra IL får mest

Av dei lokale idrettslaga, så er det Mastra, som det største idrettslaget i kommunedelen, som får det største tilskotet på til saman 247.608 kroner. Mastra Hestesportklubb får 47.519 kroner og Rennesøy Fotballklubb 59.617 kroner. I kommunedelen Finnøy blir Fogn Idrettslag tildelt 50.691 kroner og Finnøy IL 151.603 kroner.

,Tilskotet er basert på tal aktive medlemmer i aldersgruppa 6-19 år, og det er Idrettsrådet i Stavanger som gjennomfører utbetalinga etter sine kriterier.

Publisert: