- Det er heilt fantastisk. Sjå kva det betyr både for oss og tilskoderane, sa banens gigant, Anders Eike til Øyposten kort tid etter kampslutt.

Begge leirane hadde gått ut og sagt at dette var årets viktigaste kamp. Vinnaren fekk skryteretten. Taparen måtte ligge lågt i terrenget.

Det var ingen finspelt kamp. Snarare tvert i mot. Høg temperatur, knallharde taklingar, gule kort, utskjelling av dommar og tabbar. Finnøy-Trenaren stod med linjeflaget, Fogn-keeperen kom for seint, og måtte ta armhevingar midt under kampen. Finnøy-Fogn var slik eit lokaloppgjer i 7. divisjon skulle vere. Sigeren var det imidlertid Finnøy som tok, etter mål av Håkon Kavli, Anders Eike og Per Steinsland. Fogn reduserte heilt mot slutten etter ein kjempetabbe i Finnøy-forsvaret, men Finnøy var aldri spesielt trua, og fram mot returoppgjeret 28. august er det Finnøy som kan ha skryterettigheitane.

Les meir i papirutgåva fredag.