I siste forsøk under NM i helga lasta Kjell Gunnar Lindanger 340 kilo på stonga for markløft. Fekk han det opp frå bakken i strak posisjon, ville han ta gull.

– Eg løfta det, og trudde eg hadde greidd det, men dommarane sa eg mangla litt utretting. Så eg fekk det ikkje godkjent, seier Lindanger:

– Det var veldig nære, men ikkje noko å gjera med. Det var ikkje meir krefter å henta. Det er bare å trena vidare.

Starta seint

Rennesøybuen står nå med tre andreplassar i NM. Han konkurrerer i den tyngste vektklassa, for karar over 120 kilo, i styrkeløft utstyrsfritt. Utstyrsfritt vil sei at dei ikkje kan bruka spesialsydde drakter og knebind. Lindanger trivst best med rå kraft.

Skjermdump frå NM i Oslo i helga der Kjell Gunnar Lindanger gjer seg klar til markløft. Foto: Norges Styrkeløftforbund

Han nærmar seg 40 år, og idrettskarrieren starta eigentleg nokså seint.

– Som avløysar i ungdomen her i Rennesøy bar me mjølsekkar og høyballar, men verkeleg å trena begynte eg ikkje med før eg var 28 eller 29 år, seier Lindanger.

I 2013 blei han beden med til eit treningsstudio.

– Ein kompis spurde om eg ville bli med på Bjørns Gym inne i byen. Der er det vel bare folk som fleksar musklar føre ein spegel, tenkte eg, så det ville eg nå ikkje. Men så blei eg med, og så kom eg inn i eit veldig triveleg miljø.

På heimebane

I dag trenar Lindanger ti til tolv timar i veka gjennom Stavanger Styrkeløftklubb i Siddishallen. Tre til fire gonger i veka køyrer han til byen for å løfta tungt:

– Til hausten blir det arrangert NM i styrkeløft med utstyr i Stavanger. Då må eg prøva.

Styrkeløft med utstyr krev meir teknikk, fortel han, og følgjeleg meir tid i treningsarbeidet.

– Ifølgje ho heime brukar eg nok tid allereie, seier Lindanger og ler hjarteleg.

Han har eigentleg spesialisert seg på utstyrsfritt, så om det blir gull på heimebane, skal halda hardt.

Mange år igjen

Lindanger kunne eigentleg vore med i veteran-NM nå, men han trur han kan halda toppnivået i fleire år ennå.

– Eg håpar å halda på med styrkeløft i 10 til 15 år til. Det er ein myte at muskelveksten forsvinn når du nærmar deg 40. Det gjeld bare å trena godt, unngå skader og la kroppen få kvila, seier Lindanger.

I det daglege køyrer han gravemaskin og er med å driva entreprenørfirmaet Lindanger Maskin:

– Å trena styrkeløft og å køyra gravemaskin er eigentleg ein god kombinasjon. I gravemaskina får kroppen kvila.

– Du blir ikkje freista til å stoppa maskina, gå ut og lempa steinane for hand?

– Då blei det lett skader, svarar styrkeløftaren.